Trygve O. Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Trygve Rysstad)
Hopp til: navigasjon, søk
Trygve O. Rysstad
Trygve Rysstad.jpg
Foto: Frode Buen
Født: 22. mars 1956
Død: 24. april 2019 (63 år)

Trygve O. Rysstad (fødd 22. mars 1956, død 24. april 2019), var sylvsmed og eigar av Sølvgarden Hotell og FeriesenterRysstad i Hylestad i Valle. Han dreiv sylvsmedverksemda frå eigen verkstad tilknytta hotellet. Han var sylvsmed i 3. generasjon, og meister i filigran med handlaga bunadsylv som spesialitet.

Trygve Rysstad etterlet seg kona Inger Rysstad, barna Marianne Rysstad, Håkon Rysstad, Torfinn Rysstad og Jørund Rysstad, svigerbarn og øvrig familie. Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 3. mai 2019 klokka 13. Etter gravferda var det minnesamvær på Sølvgarden. Like kjært som blomar var ei gåve til Kreftforeningen.

Heider[rediger]

  • Valle kommune sin Kulturpris for 2017 saman med kona Inger K. Rysstad. I grunngjevinga frå Levekårsutvalet heiter det: «Levekårsutvalet vedtek samrøystes at Inger og Trygve Rysstad vert tildela Valle kommune sin kulturpris 2017 for sitt arbeid med sølvsmedtradisjonar, lokale mattradisjonar, lærlingar innafor gull- og sølvsmedfaget og  møteplass for alle m.a. folkemusikkpub.»

Kjelder[rediger]