Setesdal Bilruter
Setesdal Bilruter er eit rutebilselskap i Setesdal. Selskapet har hovudkontor på Evjemoen. Dagleg leiar er Terje Greibesland, nestleiar/økonomisjef er Alf Reidar Birkeland, personalsjef er Ingrid Eieland Flåt, driftsjef er Thorleif Johanssen og trafikksjef - Evje er Jan Oddvar Rysstad. Omsetnaden i 2022 var om lag 300 millionar kroner. Selskapet har pr. mars 2023 rundt 300 tilsette.
Historie
Selskapet vart etablert 18. desember 1919 for å frakte folk og gods frå Ose og oppover i Setesdal. På den tida reiste folk med tog frå Kristiansand til Byglandsfjord og vidare med båt til Ose. Gunnar Rysstad var første styreleiar i selskapet, som då heitte L/L Setesdal Automobilrutor. I 1920 hadde selskapet fire køyretøy. Den første tida gjekk ikkje vegen lenger enn til Berdalsbru. I 1923 var halvtunnelen i Fånefjell ferdig, og ein kunne heretter greit køyra heile strekninga samanhengande.
Frå 1926 til 1929 køyrde Torleif Stie rute mellom Byglandsfjord og Ose. Etter 1929 overtok bilruta Stie si rute, og kjøpte samstundes verkstadanlegga på Byglandsfjord. I 1931 vart eit større garasje- og verkstadanlegg sett opp. Dette vart så i 1952 avløyst av eit moderne bygg. Her fekk selskapet hovudkontor med verkstad, administrasjon og plass for overnatting for sjåførane. Ti år seinare vart Setesdalsbanen lagt ned, då fekk selskapet konsesjon på trafikk mellom Evje og Kristiansand. Sidan har selskapet kjøpt opp mindre ruteselskap i Indre Agder. I perioden mellom 1969 og 1974 overtok selskapet Arendalsruta og bygderuter i Froland. I 1982 vart eit stort verkstadbygg med eige kontorbygg teke i bruk. Frå 2004 til 2008 dobla selskapet verksemda, mellom anna ved å kjøpe opp Birkeland Busser i 2007.
I 2003 flytta Setesdal Bilruter til Evjemoen. Bygget på Byglandsfjord var blitt for lite, og selskapet overtok verkstadbygg og administrasjonsbygg etter Forsvaret. I 2013 var selskapet nest største rutebilselskapet i Aust-Agder, med 100 køyretøy og om lag like mange tilsette. I tillegg hadde selskapet 15 undertransportørar. I 2012 var omsetninga 112 millionar kroner.
Sterk ekspansjon
I januar 2014 vann Setesdal Bilruter konkurransen om rutebilkøyring i vestre del av Aust-Agder med eit anbod på 780 millionar kroner i sju år frå 2015. I dette inngjekk busskøyringa i Arendal, Grimstad, Lillesand, Birkenes og Froland. Selskapet eig og halvparten av det nyoppretta selskapet Agder Buss, som har busskøyringa for same periode i austre del av fylket: Risør, Tvedestrand, Gjerstad, Vegårshei og Åmli. Med dette auka talet på tilsette frå 110 til opp mot 250. I 2014 kjøpte selskapet òg inn 96 nye bussar, til ein kostnad av 150 millionar, for å oppfylle dei nye kontraktane. Samstundes selde selskapet seg ut av tur- og ekspress-selskapa Birkeland Busser AS og Sørvest-ekspressen i Stavanger. Kjøpar var Boreal Travel AS. Dagleg leiar i Setesdal Bilruter, Terje Greibesland, forklarte til Setesdølen i samband med salet at dei som eit lite rutebilselskap ikkje hadde nok ressursar til å utvikle tur- og ekspressbiten.
I februar 2016 vann selskapet også konkurransen om å køyre buss i Setesdal dei neste ni og eit halvt åra. Det auka talet på bussar i selskapet til rundt 170, og talet på tilsette til ca 350. Med den siste kontrakten har Setesdal Bilruter alle anboda på busskøyring i Aust-Agder.
I juni 2016 vart regnskapet for 2015 lagt fram. Det viste rekordoverskot for verksemda, 19,1 millionar kroner.
Nye bussar i heile Setesdal
Ved årsskiftet 2016/2017 fornya selskapet heile bussparken i Setesdal. Det var 20 nye bussar levert frå Volvo Norge, og 11 minibussar av typane Renault og Iveco. Investeringa var på i alt rundt 40 millionar kroner.
Fornying av hovudkvarteret på Evjemoen
Våren 2018 pussa Setesdal Bilruter opp heile fasaden på bygget sitt på Evjemoen for 3,5 millionar kroner. Det kom ny kledning, og eindel vindauge blei skifta ut. Bygget blei også etterisolert.
Passasjertal
I 2019 frakta Setesdal Bilruter 4 217 028 passasjerar. I koronaåret 2020 sank talet til 3 262 157.
Mista storkontrakt i Aust-Agder
Tidleg i 2023 blei det klart at Setesdal Bilruter frå 1. juli 2024 mistar kontrakten på kollektivtrafikk i heile det gamle Aust-Agder minus Setesdal. Arbeidsstokken på rundt 300 tilsette vil då venteleg bli halvert, og avdelingskontoret i Arendal blir lagt ned.
Ny storkontrakt i Vestfold
I mai 2023 fekk Setesdal Bilruter ei stor kontrakt med Vestfold fylkeskommune om køyring i Sandefjord, Larvik og Horten. Avtalen gjeld i to år frå 1. juli 2024, og vil krevje om lag 120 bussar.
Aksjonærar
Dei største aksjonærane i selskapet er i januar 2014:
- Brøvig Holding 20,81%
- Sigmund Aune 20,55%
- Bykle kommune 13,11%
- Bygland kommune 5,03%
- Valle kommune 4,29%
- Setesdal Regionråd 4,01%
- Kjellbjørg Auestad 3,58%
Setesdalsprisen 2014
Saman med direktør Terje Greibesland fekk selskapet Setesdalsprisen for 2014. I grunngjevinga skreiv juryen:
- Prisvinnaren er oppfatta som traust og solid. Verksemda har tilpassa seg omverda og marknaden i det stille. Stødig drift, langsam vekst og utviding har kjennemerkt drifta i ei årrekkje. Vinnaren er ei sterk merkevare og profilerer Setesdal dagleg i store delar av landsdelen, sjølv om det har vore tendensar til kontroversar kring målform dei siste åra, - er rota sterk og god i distriktet. Verksemda har verka til beste for heile Setesdal sidan ho vart etablert. Sidan slutten på 60-talet har verksemda lagt små og større konkurrentar og marknader under seg.
- I høve statuttane til Setesdalsprisen skal mottakaren ha utmerka seg på en særleg forteneste full måte anten over tid eller siste året. Årets prisvinnar «Er en veldrevet bedrift med god ledelse» har forslagsstiller sagt – og det er ein kvinneleg tidlegare styreleiar som kjenner verksemda meir enn godt! I harde fakta og 2012-tal var omsetnaden då på drøye 77 mill i hovudselskapet og ein eigekapitaldel på 70 %, medan dotterselskapet hadde ein omsetnad på ca 35 mil. Når verksemda gir arbeid til 120 tilsette under felles leiing demrar det nok for det fleste at vi snakkar om ei hjørnesteinsverksemd i regionen.
- Årets prisvinnar overraska både seg sjølv og omverda i tidleg i 2014. Leiinga av selskapet utviste då imponerande mot og risikovilje for å kunne vidareføre ein sentral og ønskja posisjon i sin bransje framover.
- Verksemda har komplettert og skapt tilbod i takt med tilgjengeleg infrastruktur – på veg – frå båt og bane. Verksemda er med eitt blitt «kjempestor» i landsdelsmålestokk og administrerande direktør tok i lag med styret ein kalkulert risiko - i det å vere eller ikkje vere – og kunne bli enda større framover då dei rekna som mest i vinter. Opplyser ein at verksemda vart etablert i 1920 – og at dei vant anbodet for kollektivtrafikken i Agder er kandidaten avslørt.
- Setesdalsprisen 2014 går til LL Setesdal Bilruter og administrerande direktør Terje Greibesland.
- Juryen har både lagt vekt på tydinga denne verksemda har som arbeidsplass og verdiskapar i regionen – men og lete seg imponere over mot og risikovilje til å satse og vinne det store anbodet i ein bransje som retteleg er konkurranseutsett – og med det og skaffa mye positiv merksemd!
Kjelder
- Jon Løyland: L/L Setesdal Automobilrutor, 40 år
- Roald Ankersen: Skal ansette 110 medarbeidere. Artikkel i Fædrelandsvennen 31. januar 2014 side 16
- Setesdals Bilruters historie på selskapets nettsider
- Sigurd Haugsgjerd, Har handla for 150 mill., artikkel i Setesdølen nr. 102, 2014
- Odd Inge Rønning Uleberg, Setesdal Bilruter vinner mot gigantene, artikkel i Fædrelandsvennen 11. februar 2016, side 17
- Ole Birger Lien, 19 mill.-overskot for Setesdal Bilruter, artikkel i Setesdølen nr. 43, 2016, side 5
- Sigurd Haugsgjerd, Nye bussar i heile Setesdal, artikkel i Setesdølen nr. 6, 2017, side 8
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 307-310
- Ole Birger Lien, Pussar opp bilrute-bygget for 3.5 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 32, 2018, side 8
- Ole Birger Lien, Frå fire til tre mill. passasjerar, artikkel i Setesdølen nr. 55, 2021, side 4
- Sigurd Haugsgjerd, Underskot for Bilruta i fjor, artikkel i Setesdølen nr. 25, 2023, side 12
- Sigurd Haugsgjerd, Bilruta har fått ny, stor kontrakt, artikkel i Setesdølen nr. 36, 2023, side 16