Kay Jeiskelid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kay JeiskelidSymbol unrelated.svg
Kay Jeiskelid (2) rcrW.JPG
April 2011
Foto: Siri Johannessen
Født: 29. oktober 1946 (72 år)

Kay Arne Jeiskelid (fødd 29. oktober 1946) var ordførar i Bykle kommune til 2011. Stillinga som ordførar var 80%, han er nå maskinentreprenør. Kay Jeiskelid representerte Høgre som ordførar etter år 2000, men då han vart vald til ordførar første gongen i 1985, var det som representant for Arbeidarpartiet. Då han braut med Arbeidarpartiet, stilte han til val for ei upolitisk liste og vart også den gongen ordførar. Før han vart ordførar i 1985 var han varaordførar med Tor Byklum som ordførar.

Sommaren 2010 sa han at han ville gje seg, men i oktober hadde han ombestemt seg. Han trivest med politikk og synest det har vore spanande å ha vore med på å fått bygd både Bykle alders- og sjukeheim og Bykle rådhus. Mange andre bygg har og kome opp i hans tid som ordførar. Han vil gjerne vere med på arbeidet for å få fullført Riksveg 9. I tillegg var han provosert av forslaget til villreinkart, der området gjekk heilt ned til riksvegen.

Heder[rediger]

Setesdalskonferansen 2015 fekk han Setesdalsprisen. Grunngjevinga var slik: «Prismottakaren av Setesdalsprisen 2015, Kay A. Jeiskelid, har over lang tid virka på ein fortenestefull måte i høve det å skape/sikre arbeidsplassar, og å medverke til verdiskaping i regionen- direkte og indirekte. Kay A. Jeiskelid er ein samfunnsbyggar - og entreprenør i ordets vidaste forstand. Hans virke har skapt store ringverknader med vasskraftutbyggingar og oppdrag for anleggsbransjen, men og for reiselivsnæringane gjennom utviklinga av Hovden og lokal næringsutviklingsarbeid i Bykle.. Han har og vore utløysande for regional utvikling gjennom å vere initiativtakar og å fronte store disposisjonar frå kommunen til etablering av Setesdal næringsfond, forkotteringar til utbygging av riksveg 9 mv. Han og Bykle må og seiast å ha vore banebrytande i evna til å kople fjellbygda med kapital / investorar, og for gjennom ei årrekkje å ha utvikla samhandling med fylkeskommunen og regionale styresmakter til beste for å skape fjellbyen og ein komplett vinterdestinasjon for landsdelen.»[1]

Sjå også[rediger]

Referanser[rediger]

Eksterne lenker[rediger]