Fjellgarden Hovden

Fjellgarden Hovden ligg på vegen til Breive på Hovden. Verksemda er ein del av gardsbruket Der sø. AS Sætersdalen eig anlegget, som er under oppbygging og i 2011 hadde 140 vinterfora sauer. Også bygningane er under restaurering og oppbygging. Det er bygd eit nytt slakteri til 10 mill. kroner, her er det og gardsbutikk. I denne satsar ein på å selje salta og røyka fenalår, garden si eiga spekepølse og røykt eller ferskt pinnekjøt.
Det vakre, gamle setesdalshuset som i årevis stod i Hovden Alpinsenter, er flytta til garden og plassert ved sida av loftet. Etter kvart vil folk kunne leie seg inn her.
Etter at selskapet sjølv overtok drifta av landbrukseigedomen i 2009, tilsette dei Anna O. Rysstad og Marton Laksesvela som styrarpar. Då dei slutta hausten 2011, overtok Merethe Hjemdahl og Rolf Arne Haugen som styrarar.
Sjå også
Kjelde
- Johs. Bjørkeli: Fra Tinnheia til fjellgården på Hovden. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 28. november 2011 side 22