Byglandsfjord Sag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tømmerlager med sagbruket i bakgrunnen
Skurlina på Byglandsfjord Sag
Foto: Reidar Tveito

ANS Byglandsfjord Sag er eit sagbruk og høvleri som ligg på VassendøyaByglandsfjord. Bedrifta har 26 tilsette (i periodar 2-4 ekstra tilsette), dei fleste med fagbrev eller autorisasjon innan trelastarbeid, og omsette i 2011 for 54 mill. kroner. I 2015 var omsetninga 58,5 mill. Sagbruket sagar ca. 50.000 m³ tømmer kvart år og sel trelastmaterialar engros, både kvit- og trykkimpregnert, til byggeforretningar, for det meste på Sørlandet og Vestlandet. Dagleg leiar (2016) var Roger Lund. Men frå sommaren 2018 var Per Arne Teslo tilsett i stillinga.

I 2016 installerte saga eit nytt flisfyringsanlegg til 7 millionar kroner. Anlegget var levert av Bygland Varmesentral. Innovasjon Norge støtta tiltaket med 2,2 mill. kroner via sitt bioenergiprogram. Omsetninga i 2017 var over 58 mill. Det var opp 6 mill. i høve til året før. Det var likevel eit underskot i drifta på 4,6 millionar kroner.

Historie[rediger]

Byglandsfjord Sag vart starta opp som KS Byglandsfjord Sag 9. oktober 1986. Då var produksjonskapasiteten 40.000 m³ i året på eitt skift. Sagavdelinga vart utvida i 2002. KS-firmaet vart overteke av ANS Byglandsfjord Sag i 1988. Firmaet har desse eigarane:

  1. Marnar Bygg II AS, 52 % eigarandel (eigd av Per Birkeland)
  2. Leif Hübert AS som har 48% eigarandel

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]