Evje Utvikling
Evje Utvikling var eit selskap som arbeidde med omstilling og næringsutvikling i Evje og Hornnes kommune. Selskapet kunne også vere med aktivt i næringsutvikling i nabokommunar. Kommunen eigde selskapet 100%.
I januar 2015 vedtok generalforsamlinga i Evje Utvikling å fusjonere selskapet med Evjemoen Næringspark, som også er eit kommunalt eigd selskap. Bakgrunnen var ønske om ei spissing av ressursane inn mot den nye næringsavdelinga som skulle opprettast i Setesdal Regionråd våren 2015.
Prosjekt
Evje Utvikling vart stifta i 2001, og hadde ei rekke prosjekt gjennom åra. Dei aktive prosjekta i 2010 var: Etablererrådgivning 2010, frokostmøter for næringslivet, God driv, som var eit prosjekt for å sjå på utvikling av Evjemoen til næringsføremål, gründercoach, kulturtilbud på Evjemoen Kino, kvinnenettverk i samarbeid med Setesdal Regionråd, luftfartshøyskole i samarbeid med Froland kommune, samt seminar og rådgjeving for eksisterande bedrifter. Det siste akive prosjektet i 2010 var Setesdals Næringshage. I tillegg jobba Evje Utvikling med eit forprosjekt for å sjå på korleis ein kunne utnytte Trollbakken som eit nærmiljøprosjekt med tanke på aktuelle investorar.
Styre
Frå 2009 var desse med i styret til Evje Utvikling AS: Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Helge Bjorvand, Grethe Ueland Hunshammer, Vidar Smeland og Solveig Kallhovd. I 2014 var styret samansett av Kjell Rune Nakkestad (styreleiar), Vidar Smeland og Liv Hansen.
Tilsette
Dagleg leiar var Ståle Olsen, prosjektleiar var Connie Barthold.