Ingrid Eieland Flåt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingrid Eieland FlåtSymbol unrelated.svg
Ingrid Eieland Flåt.jpg
Født: 14. april 1966 (53 år)

Ingrid Eieland Flåt (fødd 14. april 1966) er personalsjef i Setesdal Bilruter. Ho gjekk ut av Hornnes gymnas i 1985, deretter studerte ho ved Høgskolen i Agder og Høgskolen i Østfold. Sidan jobba ho 18 år som adjunkt på Evje skule før ho fekk jobben som organisasjonssjef i Setesdal Bilruter i 2009. I Setesdal Bilruter steller ho med sjukefravær og oppfølging av tilsette. Ho er og kontaktperson for tillitsvalde og verneombud i selskapet.

I den tida Ingrid Eieland Flåt arbeidde i skulen, var ho hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet og sat i Administrasjonsstyret i Evje og Hornnes i perioden frå 2007. Ho var og vararepresentant til Evje og Hornnes kommunestyre i perioden frå 2007 til 2011 for Evje og Hornnes Tverrpolitisk Bygdeliste.

Heilt frå 1993 har ho vore dirigent for Bygland Hornmusikk. Ho var og dirigent for Iveland skulekorps i tre år.

Eksterne lenker[rediger]