Ørnulf Hasla

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ørnulf HaslaSymbol confirmed.svg
Ørnulf Hasla rcraW.JPG
Ørnulf Hasla i mai 2011
Foto: Siri Johannessen
Født: 22. april 1956 (63 år)

Ørnulf Hasla (fødd 22. april 1956 i Arendal) er gullsmed i Valle. Han driv Hasla, som han starta saman med kona Grete Fossen heime i kjellarstoga på Helle i 1982. Verksemda flytta til Valle i 1984, der dei same året hadde bygd den fyrste butikken. Den vart utvida i 1997.

Utdanninga si som sylvsmed fekk han hos Torleiv H. Bjørgum frå 1979 til 1982. Før han starta med den utdanninga, var han utdanna bilmekanikar. Då arbeidde han på BMW-verkstad i Arendal.

Ørnulf Hasla er redaktør for Valle Radio. Han har vore med i radioen frå 1999, fyrst som teknikar, sidan som programleiar. Frå 2007 var han nestleiar i styret, frå 2009 har han vore leiar av styret for Valle Radio. Han er og leiar av Sentrumsforeninga i Valle, Valle og Rysstad reiselivslag, i svenneprøvenemnda for gullsmedfaget i Agder, Telemark, Vestfold og Rogaland.

Frå 1983 til 1987 var han leiar for kulturutvalet i Valle. I den perioden trykte dei Gards- og ættesoga for Valle.

Kjelder[rediger]

  • Samtale, jfr. historikken