Visit Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Setesdal. Utsikt nordover i dalen fra Horgeknipen vest for Byglandsfjord 23. juli 2017.

Visit Setesdal er Setesdal Regionråd sitt tiltak for reiseliv i Setesdal. Frå februar 2023 er tiltaket organisert som eit akseselskap (AS). Roy Bakke er dagleg leiar. Rita Hansen er styreleiar. Setesdal Regionråd eig alle aksane i selskapet.

Visit Setesdal kjøper tenestar av Destinasjon Hovden for å gjennomføre prosjektet. Det starta i 2010. På denne måten driv ein utvikling for reiselivet frå Hornnes til Hovden. Under paraplyen Setesdal marknadsfører organisasjonen heile regionen på messer som Grühne Woche og norske reiselivsmesser. Dei satsar mest på digitale plattformer og lite på papirannonser, men katalogen om Setesdal er svært populær.

Visit Setesdal er sertifisert som bærekraftig reisemål.

Historie

Det har over ei tid gått føre seg ei avklaring om organisering og eigarstruktur i Visit Setesdal. Slik avklaring var venta å skje i første halvdel av 2020. Men først i februar 2023 var prosjektet formelt registrert som aksjeselskap. Medan ein venta på resultatet av arbeidet, var det sett ned eit interimsstyre i selskapet. Styreleiar var Roy Bakke. Styremedlemene var Marcin Matysik, Tim Davis, Uwe Arntzen, Ørnulf Hasla og Rita Hansen.

Kjelder

Eksterne lenker