Laila Johnsen Kjær

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Laila Johnsen KjærSymbol unrelated.svg
Født: 7. august 1970 (49 år)

Laila Johnsen Kjær (fødd 7. august 1970) er kafè- og hotelleigar i Valle. Ho eigde og dreiv i fleire år butikken Valle Blomar og Gåver i leigde lokaler i Bergtun Hotell i Valle sentrum. Ho gav seg etter kvart med blomsterforretninga, men heldt fram med kafèdrift i den tidlegare hotellbygningen. Vinteren 2016 kjøpte ho Bergtun Hotell av Valle Sparebank. Ho satsar no på utvida kafedrift, og fem rom er pussa opp for utleige.

Laila Kjær er opphaveleg frå Kristiansand og gjekk på Kvadraturen skulesenter. I mange år budde ho på Hovden. Men etter at ho overtok Valle Blomar og Gåver, flytta ho til Valle og budde i Øyne. Etter overtakinga av Bergtun Hotell i 2016 pussa ho opp ein leilegheit i hotellet, og busette seg der.

Medan ho budde i Bykle, stod ho på Venstrelista i Bykle 2011 og var varamann for Espen Mikkelsen i Kontrollutvalet i Bykle 2011.

Kjelder[rediger]