Jan Dagfinn Dalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Dagfinn DalenSymbol confirmed.svg
Jan Dagfinn Dalen.jpg
Født: 21. oktober 1959 (64 år)

Jan Dagfinn Dalen (fødd 21. oktober 1959) er frå 1. september 2022 ordførar i Bykle. Han overtok då vervet etter Jon Rolf Næss, som hadde søkt om fritak etter å ha blitt vald til leiar av LVK.

Jan har vore banksjef i Sparebanken Sør Hovden i ei årrekke. Han vaks opp i Røldal og gjekk på gymnaset i Odda, der han var ferdig i 1978. Etter militærteneste tok han telegrafistutdanning i Kristiansand og seilte deretter frå 1981 til 1986 i utanriksfart for Leif Høegh & Co. Frå 1986 til 1988 tok han økonomisk administrativ utdanning på Agder Distriktshøgskule. Deretter fekk i 1988 han jobb som kunderådgjevar i banken på Hovden, og i 1999 vart han banksjef.

Han er glad i reinsjakt og friluftsliv og er leiar i Bykle fjellstyre. Han har vore medlem av Bykle kommunestyre sidan 2007 for Bykle Arbeidarparti.

Kjelder