Valle Sport

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle Sport er ein sportsbutikk i Valle sentrum. Selskapet (AS) driv óg bensinstasjon same stad. Innehavar og dagleg leiar er Elisabeth Spockeli. Bjørgulv Torgeirson Bjørnarå er medeigar.

Vinteren 2019/2020 blei det investert 2,5 millionar kroner i eit stort prosjekt, der sportsbutikken flytta inn i den gamle smørjehallen til Valle Bensin og lokala som blei ledige etter sportsbutikken blei gjort om til kafé og gatekjøkken med rundt 40 sitteplassar. Utanfor blei det laga ein platting med like mange sitteplassar. Det er også planar om å bygge ny vaskehall for bilar.

Kjelder

Eksterne lenker