Hovden Hytteservice

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hovden Hytteservice er ei entreprenørbedrift på Hovden med over 60 tilsette. I 2011 omsette Hovden Hytteservice, som vart etablert i 1998 av Jo Breivegen og Yngve Breivegen, for om lag 50 millionar kroner pluss moms. I 2015 var omsetninga auka til rundt 120 millionar kroner netto. I løpet av 2015 investerte selskapet i nytt utstyr verdsett til 52 millionar. Selskapet har to aksjonærar, Breivegen Invest, som eig 65%, og Paasan Invest, som eig 35%.

Selskapet hadde lågaste anbod på utbygginga av Krokå-Langeid-parsellen på Riksveg 9. Hovden Hytteservice har (2016) brøytinga av Brokke-Suleskarvegen som fast oppdrag.

Under årsmøtet i Maskinentreprenørenes landsforbund i Stavanger i mars 2017 blei Hovden Hytteservice heidra som Årets opplæringsbedrift innan anleggsfaga i Agder. Firmaet hadde fem lærlingar i 2017.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]