Bygland Varmesentral
Bygland varmesentral (AS) vart starta våren 2006. Det er eit av pilotanlegga innan Regjeringa sitt bioprogram. Anlegget leverer varme til Bygland skule og Bygland barnehage. Det leverer og noko til Olav Skreland sin verkstad, som held til i same bygget som varmesentralen. Forbruk ca 0,5 Gwh pr år. Anlegget vart offisielt opna av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen då han besøkte Aust-Agder fredag 10. november 2006. Då synte dagleg leiar Olav Skreland anlegget til ministeren og dei som var med han. Skreland eig anlegget, som ligg på den gamle hotelltomta mellom skulen og barnehagen, saman med Inge Kvåle.
Fyringa skjer med trevirke som vert kutta opp på staden. Her kan ein også nytte ved som elles ikkje kunne kome til nytte. Anlegget kan levere mykje meir varme enn det som dei to kjøparane treng, men avstanden til andre bygg gjer at det ikkje løner seg å sende varmt vatn i røyr til desse. I tillegg til å huse Bygland Varmesentral, har Olav Skreland verkstad i bygget, og Setesdal Brannvesen leiger noko plass. Geir Skjevrak syter for flis til brensel.
Etter oppstarten har Bygland Varmesentral utvida verksemda mykje. Firmaet leverer flisfyringsanlegg rundt om i heile landet. Det har mellom anna levert anlegg til skulane på Evje og Oddeskogen barnehage. I 2016 leverte verksemda eit svært anlegg som kosta 7 millionar kroner til Byglandsfjord Sag. Driftsinntektene i 2015 var 4,5 millionar kroner.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Investerte 7 mill. i nytt flisfyringsanlegg, artikkel i Setesdølen nr. 86, 2016, side 8-9
- Om Bygland Varmesentral på Proff.no