Nomeland Anlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nomeland Anlegg, logo.jpg
Hovudkvarteret på Rysstadmoen.

Nomeland Anlegg er eit entreprenørfirma (AS) med base på Rysstad i Valle. Det er rundt 40 tilsette i verksemda. Hans Olav Omnes er dagleg leiar frå 4. mai 2015. Steinar Nomeland er prosjektleiar. Geir Tarald Nomeland er driftsleiar. Firmaet arbeider hovudsakleg i Agder og Telemark.

Arbeidsområda sidan oppstarten i 1960 har vore vegbygging, grunnarbeider, pukkverksdrift (sidan 1970), ferdigbetong (sidan 1985), feltutbygging, totalprosjekt, V/A-anlegg, kraftverk, idrettsanlegg, transport, spesialtransport, drift og vedlikehald av veg, drift og vedlikehald av V/A-anlegg, FoU og rassikring. Nomeland Anlegg har også den daglege drifta av Brokke Vatn og Avlaupsverk. Firmaet var hovudentreprenør for parsellen Sandnes-HarstadbergRiksveg 9, som vart offisielt opna 15. oktober 2016. Det var Nomeland Anlegg som sette opp dei seks «Setesdalsbautaene» som står langs Rv-9 mellom Hirtshals og Bjåen.

Hausten 2016 opna verksemda eit lite avdelingskontor på Evje. Oddvar Omnes er på kontoret her. Frå oktober 2017 leigde firmaet ut industrihallen sin på Rysstadmo til trelastlager.

Historie[rediger]

Saavi Nomeland starta firmaet i 1960.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]