Per Birkeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Per BirkelandSymbol unrelated.svg
Per Birkeland.jpg
Per Birkeland på sitt kontor
på Byglandsfjord Sag
Født: 27. februar 1942 (82 år)

Per Birkeland (fødd 27. februar 1942) er gjennom selskapet Marnar Bygg II AS hovudaksjonær i Byglandsfjord Sag (52 %), og var tidlegare også dagleg leiar i verksemda i mange år. På Setesdalskonferansen 2013 19. april 2013 fekk han Setesdalsprisen 2013. I grunngjevinga heiter det:

Årets vinnar er i eigen divisjon når det gjeld sysselsetting, lønsemd og verdiskaping i regionen. Vinnaren er ein ekte kremmar og ein tydeleg forretningsmann. Han har over tid bygd opp fleire verksemder som han er medeigar i og leiar av. Kåringa har samband med verksemda han har vore involvert i i Setesdal sidan ho var ny. Som disponent og hovudaksjonær har han trygga og utvikla verksemda gjennom krevjande tider og gjennom å utvikle fleire verksemder i landsdelen har han teke hand om fleire nivå og ledd i omsetningskjeda fram til forbrukar gjennom mellom anna annan verksemd som foredlar råvarene til nye produkt og som eige grossistledd til dei store varehandelskjedane.

Per Birkeland er busett i Mandal.

Kjelder

Eksterne lenker