Aktive Fredsreiser

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Aktive Fredsreiser er eit selskap med hovudkontor i Risør og avdeling i Bygland. Det vart etablert i 1998 av Helga Arntzen, som alt i 1992 hadde etablert «Hvite busser til Auschwitz» med formål å ta norsk ungdom, særleg 10. klassingar, på busstur til konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland. I eit pedagogisk opplegg får dei sjå fangeleirane som var i bruk under 2. verdskrigen.

Landeskogen[rediger]

I 2010 kjøpte Helga Arntzen og Aktive Fredsreiser Landeskogen i Grendi for 1 krone av Bygland kommune og etablerte Landeskogen Peace Center med føremål å arrangere leirar for tysk ungdom i Norge. I tillegg ville ho arrangere kurs og konferansar om fred og forsoning. Å ruste opp det store sjukehuset til hotell, vart imidlertid mykje dyrare enn ho hadde tenkt, så kursdeltakarar måtte bu i lavvoar.

Kurs og konferansar[rediger]

Revsnes HotellByglandsfjord gjekk konkurs i februar 2013. Aktive Fredsreiser kjøpte hotellet for 7,2 millionar kroner + ein halv million for kunst og antikvitetar. Dermed fekk dei ein stad å nytte til kurs og til å supplere aktiviteten på Landeskogen.

Kjelde[rediger]