Bergtun Hotell

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bergtun Hotell.

Bergtun Hotell ligg i Valle sentrum. Eigar frå 2020 er Bjørn Erling Auestad.

Tidlegare eigar var Laila Johnsen Kjær. Ho kjøpte hotellet i 2016 av Valle Sparebank. Kjær hadde kafedrift i hotellet, og fem dobbeltrom blei pussa opp for utleige. I august 2017 blei det kjent at kafédrifta skulle leggast ned. Bed & breakfast-delen av verksemda, med utleige av rom for overnatting, skulle halde fram som før. Men frå 1. september 2018 blei også denne drifta lagt ned, og det var ikkje lenger næringsverksemd i bygget. Ved juletider same året annonserte Laila Johnsen Kjær at ho ønska å selge hotellet.

Historie[rediger]

Bergtun Hotell opna i mai 1935. Eigar då var Sigrid Kjelleberg Johansen. I 2010 kjøpte firmaet Bleieboden hotellet. Etter omfattande renovering vart det våren 2011 opna både butikk og spiseri. I tillegg fekk ein lager for internettbutikken til Bleieboden.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]