Gunn Marith Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunn Marith HommeSymbol confirmed.svg
Gunn Marith Homme.jpg
Født: 18. april 1975 (44 år)

Gunn Marith Homme (fødd 18. april 1975 på Ose i drosja til Eivind Kyrvestad) er leiar for velkomstsenteret i Valle kommune frå 2. april 2012.

Etter å ha teke grunnkurs handel og kontor og grunnkurs helse og miljø starta ho som vikar på sentralbordet til Valle kommune i august 1995 og var der til mai 1996. Sommaren 1996 jobba ho som anleggskokke på anlegget på Hovatn. I 1998-99 var ho vikar på arkivet, frå 2000 fekk ho jobben fast. I samband med dette hadde ho oppgåver tilsvarande 30% for Setesdal Regionråd frå 2005-2007. Så vart det 20% stilling i Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder frå 2006-2009, auka til 40% frå 1. august 2009. Gjekk over i 100% stilling mars 2010, sa opp stillinga som arkivansvarleg. Jobba i konsesjonskraftfondet fram til 1. april 2012.

Utanom jobben er ho styremedlem i Valle rideklubb og Valle og Bykle skogeigarlag. Malla, som ho vert kalla til dagleg, overtok garden etter far sin Helge Homme i oktober 2006. Driv i dag garden med 50 vinterfora sauer saman med mannen Knut Sondre og borna Knut Olav (fødd 25. oktober 1996) og Malene (fødd 23. oktober 1999).

Kjelde[rediger]

  • Opplyst i brev 7. mai 2012