28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Olav Neset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav NesetSymbol unrelated.svg
Olav Neset.jpeg
Født: 9. oktober 1955 (63 år)

Olav Neset (fødd 9. oktober 1955) er vert på Neset Camping i Bygland kommune. Han vaks opp på Neset og gjekk på skule på Byglandsfjord, så i Grendi og på Bygland før han reiste til Kristiansand Handelsgymnasium og tok artium der i 1975. Deretter dreiv han campingen i fem år om sommaren og var reiseleiar i Europa, Asia og Amerika i fem år om vinteren. I 1983 utdanna han seg til revisor på Agder Distriktshøgskole. Deretter arbeidde han nokre år som revisor i Kristiansand. Han var deretter nokre år sjølvstendig revisor i Bygland og dreiv kontoret saman med campingplassen, som han hadde overteke i 1978. I 1995 avslutta han revisorarbeidet og gjekk over til å drive reiseliv på heiltid.

Reiseliv[rediger]

Han har vore aktiv i reiselivssamanheng i lang tid. Han var på sitt første landsmøte i Norges Campingplassforbund i 1975. Der vart han og formann og var det heilt til forbundet gjekk inn i Forbundet for Overnatting og Servering. Der sat han og i lnadsstyret i nokre år. I samband med dette tok han til å reise på reiselivsmesser, Det har vore ein viktig aktivitet for han og han har vore på reiselivsmessene Vacantibeurs i Utrecht, CMT i Stuttgart, Caravana i Leeuwarden, Reisen i Hamburg og Free i München. Desse messene har nærare ein million besøkjande, og arbeidet har stor betydning for reiselivet i Setesdal og Norge, ettersom han kunne ta med Setesdalsbrosjyra på messene.

I januar 2015 fekk han Wohlgefühlplatz-Award des Euro Motorhome Clubs på CMT i Stuttgart.[1]

Politisk engasjement[rediger]

Han har vore med i Bygland Høgre sidan 1991 og kom inn i Bygland kommunestyre og Bygland formannskap det året. Han var då med i fleire andre utval. Partiet fall ut av kommunestyret i 2003, då Bygland Bygdeliste kom inn i politikken, og i perioden frå 2007 kom han ikkje inn i formannskapet, men vart leiar av Kontrollutvalet i Bygland. Frå 2011 er han varaordførar i Bygland.

Utanom å vere aktiv jeger er det ikkje så mykje meir han rekk når han skal vere vert på ein campingplass som har 30-40.000 gjestedøgn år om anna.

Referanser[rediger]

  1. Varaordførar fekk internasjonal pris. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2015 side 11

Kjelde[rediger]