Saavi Nomeland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Saavi Nomeland![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Saavi S. Nomeland var den første som fekk Setesdalsprisen. Til venstre Svein Harberg. Foto: Svein Sundsdal
| ||
Født: | 11. februar 1937 (87 år) |
Saavi S. Nomeland (fødd 11. februar 1937 i Hylestad) er maskinentreprenør og grunnlegger av Nomeland Anlegg. Han er gift med Gudrun Nomeland, dei har to vaksne søner som no har teke over firmaet, som han starta i 1960, då han kjøpte ein kombinert lastemaskin med bulldozerskjer. Den fyrste jobben han hadde som maskinentreprenør var ein tre kilometer lang skogsbilveg i Vegusdal. Sidan har det blitt mange jobbar på skogsbilvegar, riksveg 9, E18 og i samband med utbygginga til Otra Kraft.
I tillegg til å vere bedriftsleiar, har Saavi S. Nomeland vore interessert i politikk og har vore i Valle kommunestyre i fleire periodar som representant for Høgre.
Prisar
- Setesdalsprisen 2010
Kjelde
- Johs. Bjørkeli: Med arbeidet som hobby i 52 år. «Dagens navn» i Fædrelandsvennen lørdag 11. februar 2012 siste side i delen Innsikt.