Olav Andreas Erdvig

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Andreas ErdvigSymbol unrelated.svg
Født: 26. april 1968 (51 år)

Olav Andreas Erdvig (fødd 26. april 1968) bur i Evje sentrum. Han eig og driv Pernille Kafè i Sentrumsbygget og Tip Top gatekjøkken rett over gata, i den nye sentrumsgarden. Begge verksemdene driv han saman med kona Anita Abusland Erdvig. Olav Andreas er dagleg leiar og kjøkkensjef, medan Anita er kontorsjef og personalansvarleg.

Olav Andreas har allsidig og brei erfaring innanfor drift av kafeteria. Han er utdanna kokk, mellom anna diplomkokk ved Gastronomisk Institutt i Stavanger.

Olav Andreas er tredje generasjon som driv Pernille Kafè. Føre han dreiv bestemora Bertha Haraldstad kafèen, og etter henne Olav Andreas si mor, Kjellfrid Erdvig.

På fritida har Olav Andreas vore mykje engasjert i Orienteringsgruppa i Otra IL. Han var fotballtrenar for aldersbestemte lag i Fotballgruppa i mange år, og leiar i gruppa 2006-2007. Han var også leiar i Friidrettsgruppa i Otra IL i 1991-1992.

Han er også politisk aktiv, og står på 1. plass på FrP-lista i Evje og Hornnes 2019.

Kjelder[rediger]