Monn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
I desember 2015 var det mykje mildvær og nedbør, og vassføringa i Monn var til tider stor. Dette er ein av dei fine fossane der elva fell bratt ned mot Kyrkjebygd før ho flatar ut og renn ut i Ørevatn.

Monn er ei elv i Bygland og Åseral kommunar. Elva har utspring i Søra Monsvatnet (870 moh.) i Setesdal Vesthei, i grensetraktene mellom Bygland og Valle. På veg sørover passerer ho ei rekkje vatn som Gaukheivatnet, Langevatn, Ljoslandsvatnet og Brelandsvatnet før ho renn ut i Ørevatn i Kyrkjebygd. Ned mot Kyrkjebygd fell ho bratt og lagar store stryk og fossar. Før utløpet i Ørevatn flatar ho ut og renn rolegare. Saman med elvene Logna og Skjerka danner Monn Mandalselva etter samløpet i Ørevatn.

Store delar av nedslagsfeltet til Monn er overført frå Langevatn til Nåvatn, og blir utnytta i Skjerka kraftverk. Noko vatn blir også overført til bruk i Smeland kraftverk i Lognadalen. Store delar av året er det derfor lite vatn i elva.

Kjelder[rediger]

  • Svein Jakob Saltveit, Smeland kraftverk. Fiskebiologiske undersøkelser i Logna og Monn, Vest-Agder, Oslo 1980, side 6

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...