Hamregruva

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inngongen til Hamregruva. Langt der nede ved Byglandsfjorden kan ein sjå litt av garden Hamre.

Hamregruva er ei nedlagt kopargruve i Hamreheia, vest for Vormevik på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Gruva ligg på toppen av ei bratt fjellside ned mot fjorden. Stien opp til gruva frå garden Hamre nede ved fjorden heiter Munketo. Stigninga er omlag 300 meter.

I alle fall før 1826 vart det oppdaga at det var kopar i fjellet her. I sitt store verk om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal, er Sigmund Monen inne på om det kan ha vore munkedrift etter kopar på Hamre så langt tilbake som i mellomalderen (1500-talet). Isåfall er Hamregruva den eldste i heile Setesdal.[1] I 1845 gjorde Det Sæthersdalske Kobberværk undersøkingar i fjellet, men gav opp å drive. I 1867 skal Lars Liestøl og ein student Geelmuyden ha mina i gruva, utan at det blei noko ut av dette.

I 1908-1909 dreiv bonde og kaptein Kjetil Bygland Hamregruva. Det blei bygd ei mannskapsbrakke som kunne huse opptil 20 mann. Ho låg truleg rett sør for gruva, oppe på fjellet omlag ved ved toppen av Rysefossen. Bygland fekk og bygd ein 350 meter lang taubane frå skjerpet og ned til Byglandsfjorden. Det kunne gå ei korg opp og ei korg ned på same tid. Det skal det ha arbeidd 10-12 mann i gruva då. Produksjonen kan ha vore rundt 80 tonn malm.

Produksjonen var ikkje rekningssvarande for Kjetil Bygland, og han leigde bort gruva til ein T. Kraft. Etter at han hadde drive ei lita stund, kom eit tysk kompani inn i biletet. Det selskapet hadde prøvedrift i gruva i 1910, og det var noko drift i gruva framover mot 1. verdskrigen som starta i 1914. Gruvefolka skaut seg innover og nedover i fjellet, trilla malmen ut på trillebårer og sende han ned lia med taubanen. Nede ved Byglandsfjorden blei malmen lessa på lekterar og slept til Byglandsfjord. Transporten vidare til Kristiansand var med Setesdalsbanen. Den lengste gruvestollen går rundt 50 meter innover i fjellet.

Litt nord for hovudgruva er det skote ut eit mindre dagbrot.

På byrjinga av 2000-talet vart det i regi av private selskap gjort omfattande geologiske undersøkingar i fjella i Setesdal. I området rundt Hamregruva fann ein spor av kopar, sølv, gull, platina og molybden. Truleg er førekomstane for små til at dei er drivverdige.

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 27