Logna

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Logna sør for heiegarden Ånebjør.
Logna forbi Eikild i Lognadalen 1. november 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Logna er ei elv i Bygland og Åseral kommunar. Ho kjem frå Setesdal Vesthei, i området rundt Røinlivatnet i Bygland. Herfrå renn ho først eit stykke i austleg retning, mot Langeid. Så svingar ho i sørleg retning nedover i Lognadalen. Ho renn gjennom Hegestøylvatnet, forbi den gamle heiegarden Ånebjør heilt sør i Bygland, vidare gjennom Beinsvatnet, Juvatn og Lognavatn, og fell ut i Ørevatn ved Kyrkjebygd i Åseral. Her munnar også Monn ut. Frå utlaupet av Ørevatn vert vassdraget kalla Mandalselva. Store fossar i Logna er Store Rjukanfoss (38 meter), Litle Rjukanfoss (13 meter) og Kvernhusfossen (32 meter).

Fallet mellom Juvatn og Lognevatnet er bygd ut i Logna kraftverk (20 MW). Ei strekning med 97 meter fall i Austredalen er bygd ut i Smeland kraftverk (24 MW).

Namnet Logna kjem av Logn, roleg, i motsetnad til den fossande vestre elva Monn som Logna renn saman med i Kyrkjebygd.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...