Daleviki (Dalskilen, Dalebukta)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Dalebukta)
Hopp til: navigasjon, søk
Bukta med sandstranda 7. oktober 2016.

Daleviki (Dalskilen, Dalebukta) er ei bukt (vik) ved Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Ei lang og samanhangande sandstrand i bukta er eit særmerke ved landskapet. Bukta og eit større areal innanfor, opp mot Fylkesveg 304, er regulert til friområde, og er ein mykje brukt badeplass om sommaren. På austsida av bukta ligg Hagenes med mange fritidsbustader. På vestsida ligg Dalskilen.

I lia ovanfor sandstranda låg plasset Apledokk. Der budde Torjei Jensson, «Kjempa på Dale», ein mann det er mange forteljingar om.

Dalsåna renn ut i Dalskilen rett ved Daleviki. Der var i gamal tid i gåttetida eit rikt fiske. Bortsett frå blekefisket ved Senum/Vassend skal dette ha vore den einaste staden ved fjorden der fisket hadde monaleg økonomisk verdi. Alle gardane gjekk saman om fisket, fordela fangsten etter gamal hudeskyld og salta ned i tønner.

Teglverksodden på sørsida av bukta var for 200 år sidan teglverk. Det var opphaveleg eit haugianertiltak der Hans Nielsen Hauge personleg var på staden for å sjå på leira der. Eystein Greibrokk meiner at det her i første omgang vart brent stein til papirmølla på Fennefoss i Hornnes.

Namnet[rediger]

Det godkjente namnet hos Statens Kartverk er «Daleviki». Men i daglegtalen dei seinare åra har «Dalebukta» kome meir og meir i bruk. Til dømes kallar Bygland kommune bukta for «Dalebukta» i Strandsoneplanen sin. Tormod Tveitå meiner bukta lokalt alltid har blitt kalla «Dalskilen», og at «Dalebukta» er noko heilt nytt som har kome utanfrå.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...