Tappen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tappen i Bygland

Tappen DA er namnet på storkiosken, kafeen og gatekjøkkenet på Shellstasjonen i Bygland sentrum. Stasjonen vart automatisert hausten 2010 og Einar Bygland si drift av butikkdelen av stasjonen stogga. Frå november 2010 til 31. mars 2012 drifta Gro Tove Frafjord Helle og Tone Simonstad Knutsen ein kafé i lokala. 1. april 2012 vart drifta overteken av Monica Helle frå Rysstad, som i tillegg til kafédrifta også overtok drifta av bensinstasjonen og vaskehallen. Husflidslaget har sine strikkekaféar her kvar 2. og 4. torsdag i månaden.

2010-2012[rediger]

Tone til venstre, Gro Tove til høgre, drifta Tappen i denne perioden

I november 2010 opna Gro Tove Frafjord Helle og Tone Simonstad Knutsen, som også dreiv Bjoren Brygge, stasjonsbygningen for å drive i ei ny form. Dei held ope frå 12 til 20 til vanleg, men til 21 fredag og sundag. I tillegg til kioskvarer forhandla dei og noko bilrekvisita, som motorolje, lyspærer, sikringar, vindusviskarar og spylevæske.

Dei dreiv og catering frå Tappen, med eit smørekjøkken i det tidlegare bakromet på stasjonen.

Sjå også[rediger]

Kjelde[rediger]