Tarkjell Aslakson Austad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tarkjell Aslakson Austad
Født: 1802
Død: 25. november 1875 (alder 72–73)

Tarkjell Aslakson Austad (1802–75) var ein spelemann frå Austad i Bygland. «Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad» er ein slått etter han. I 1992 gav Gunnar Stubseid og Vidar Lande ut eit musikkalbum dei kalla Tarkjell Aslaksons Minne.

Kappspel med Myllarguten

Under eit bryllup i 1827 kappspelte han med Myllarguten, Torgeir Augundsson. Johannes Skar fortel om dette møtet i Gamalt or Sætesdal: Tarkjell fela fyre fyrst. Og Myllaren fylgde han, slått etter slått og vendsl etter vendsl. So fela Myllaren fyre, og Tarkjell fylgde, og han fylgde so greit. Men då kasta han bogen so snodigt Myllaren, og da kom Tarkjell av vendi. Då dei seinare skulle spele til dans i kvar si stoge, viste det seg at den vesle hardingfela til Myllarguten vart for svak samanlikna med flatfela til Tarkjell: Tarkjell fela så hågt at, at dei dansa etter hans slåttar i båe stogorne; målet kom plent burt i fela til Myllaren.

Bauta på Austad

Frå avdukinga av bautaen over Tarkjell Aslakson Austad. Spelemannen er Eivind Åkhus. Med ryggen til står Knut K. Austad, og det er kona hans, Brigde (fødd Bygland) som står heilt til høgre. Frå henne og mot venstre døtrene Siri, Ingebjørg, Tore og Torbjørg. Biletet finst (svart/kvitt) i Bygland gard og ætt band III, side 416.
Baksida av Tarkjel Aslakson Austad sin bauta på Austad gamle kyrkjegard har teksta:
Sambygdingar i
Norig og Amerika
reiste dette
minne
1912
Foto: Siri Johannessen

Jonsok 1912 vart det reist ein bautastein over Tarkjell Aslakson Austad på Austad gamle kyrkjegard. Avdukinga skjedde i samband med ei stort spelemannsstema på Austad 23. juni. Båtane på Byglandsfjorden, Bjoren og Dølen, gjekk ekstraturar både frå Bygland og Byglandsfjord, fullpakka med stemnefolk. So mykje folk hadde det aldri vore på Austad før, folk kom ikkje bare frå Setesdal, men frå andre dalføre og. Skulelærar, seinare stortingsmann Aasulv Eivindson Lande og diktar Gunnar Rysstad tala på stemna. Fleire andre hadde også ordet. Og song og spel var det i mengdevis. Jon Bjørgulvsson Rysstad skreiv songen Kvi stend me her og kved i dag og Knut K. Austad skreiv også ein song til festen.

Eivind D. Aakhus hadde teke initiativ til å samle inn pengar i USA. Han sende 73 dollar til Norge, det strekte godt til. Steinhoggarane Tønnes Larson og Gunnar Larson gjorde arbeidet rimeleg, og bygdefolk drog steinen ned frå fjellet og reiste han opp.

Her me samlast, gamle - unge

Songen er skriven av Knut K. Austad i høve avdukinga av bautastein for Tarkjell Aslakson Austad 23. juni 1912:

Her me samlast, gamle - unge
til ein fest for gjæve mann,
og me alle her vil gjera
alt so hugnadleg me kann.
Sæbyggjar der vest um havet
og her i vår heimegrend
um å reisa dette minne
her so truge saman stend.


Sjå den store, stautte steinen
-av vår' eigne fjell sprengd ut
det er gildt og vyrdslegt minne
um den gjæve dalegut,
- um han Tarkjell - Aslakssonen
um den meistarspelemann!
Frå dei menn, som rudde garden,
veit me, at han ættast, han.


Med si fele Tarkjell tolka
sut og glede, lått og gråt.
Verste liding, største sæla
fekk han fram i felelåt.
Ja - dei noter tyktes ganga
reint igjennom merk og bein.
Ein vart rørt, so tårir trilla;
lækte vart dei verste mein.


Tarkjells fagre tonor liver,
um han sjølv er lagd i grav.
Og me ynskjer borni våre
gøymer lenge det han gav.
Denne steinen her skal standa
til hans minne tusend år,
og han Tarkjell vil me bera
stautt og trutt i hugen vår.

Kjelder

Eksterne lenker