Glashytta i Setesdal

I Glashytta i Setesdal blåste dei glas for fyrste gong på våren i 2000. Glashytta med utsalet blei nedlagt i 2019, men låg på Bygland, like ved brygga der D/B «Bjoren» legg til og bygdetunet som er ein del av Setesdalsmuseet.
Glasobjekta lages av hantverkarane og kunstnarane Inger Tone Homme og Tor Birger Egge som har bakgrunn mellom anna frå Sverige og Hadeland Glassverk. Dei arbeider på frihand, det vil si at dei blåser glas på augemål utan å bruka maskiner eller formar. Dette gjer kvart enkelt objekt unikt, antingen det er vinglas i ulike storleikar, ljosestaker, boller, vaser eller fat. Glasarbeida kan ha ulike fargar, graveringar og sandblåste. Inger Tone og Tor Birger lager og firmagåver, premiar og objekter til privat bruk på bestilling.
I 2015 fekk Glashytta 30 000 kroner i støtte frå Norsk kulturminnefond. Glashytta var då den einaste verksemda i Noreg som produserte kronglas. Det var dette arbeidet Kulturminnefondet ynskte å støtte.
Kjelder
Eksterne lenkjer