Austad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Austad sett frå toppen av Reiårsfossen på vestsida av Otra.
Austad 2016. I framgrunnen ved heievegen ligg bruket Kosi. Lengst til venstre ligg Otrevang. Etter det (t.h.) kjem kyrkjegarden. Om lag midt i biletet ligg Breiland med Ekron noko bak til venstre. Bak Breiland ligg Skeie, og i høgre biletkant Dalen. I bakgrunnen, på andre sida av Otra, ligg Moifjellet.
Foto: Geir Daasvatn
Austad sett sørover frå Heisfossen.

Austad er ei grend og to matrikkelgardar (Nordre Austad, gnr. 13, og Søndre Austad, gnr. 14) på austsida av Otra, nord i Bygland. I nord grensar Austad til Heistad. I sør går grensa mot Skore, som i sin tid må ha gått ut frå Austad. Den dyrka marka ligg på flata nede ved Otra. I aust stig heiane med skog og heiemark bakom. På vestsida av Otra ligg Ose i sør og Moi i nord.

På Austad ligg Austad gamle kyrkjegard. Kyrkjegarden er frå tida før 1878, då det stod ei kyrkje i grenda. I dag ligg Austad kyrkje på Tveit, på andre sida av Otra.

Fylkesveg 324 går gjennom grenda. Det er vegforbindelse til Ose på vestsida av Otra over Ose bru.

Den kanskje fremste sogemannen i Setesdal, Olav Eivindson Austad (1843-1929), var husmann i plasset Odden på Austad. Spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802-1875) var leiglending og bruka mange ulike gardar i Bygland. Rundt 1857 døydde kona hans, Ingebjørg, og Tarkjel slutta å drive gard. Han flytta då opp til husmannsstoga si i Bakken på Søndre Austad. Då han døydde i 1875 budde han hos sonen Salve på Heistad. 23. juni 1912 vart den svære minnesteinen etter han avduka på Austad gamle kyrkjegard.

Namn og alder[rediger]

Gardsnamnet tyder «bustaden hans Audun», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Gardar med endinga -stad reknar ein med er frå vikingtida, rundt 800-1050.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...