Byglandshallen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Byglandshallen ligg ved Bygland skule. Han vart opna 2. september 2016. Hovudentreprenør var Evje Bygg med byggeplassleiar Ola Nykland. Grunnarbeidet vart utført av Uppstad Transport & Anlegg. Prosjektleiar var Oddvar Omnes og Tor Kasin var med i byggenemnda. Arkitekt var arkitektfirmaet Point
Hallen har handballbane, tribunar, spinningrom og eit styrkerom der Bygland IL har investert 500.000 kroner til utstyr. Målet er å ha ei opningstid der frå klokka 06 til 23 slik at styrkeromet kan brukast frå eigen inngang med adgangskort.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: -Kvalitet utan kostnadsprekk. Artikkel i Setesdølen nr. 68, 2016 side 12