Leiv Rygg Langerak

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Leiv Rygg)
Hopp til: navigasjon, søk
Leiv Rygg LangerakSymbol unrelated.svg
Leiv Rygg.jpg
Født: 19. juli 1967 (51 år)

Leiv Rygg Langerak (fødd 19. juli 1967) er ordførar i Bygland kommune frå 2011. Han var leiar for kultur og tenestetorg i Bygland kommune frå sommaren 2008, då han flytta heim att til Longerak etter å ha teke utdanning og arbeidd mange stader i landet.

Han flytta til Longerak i 1972 då foreldra overtok slektsgarden Innistog. Etter å ha gjort unna vidaregåande på Hornnes gymnas i 1986, reiste han ut og budde den lengste tida i Nord-Noreg - avbrote av eit år som journalist i Setesdølen og drygt to år i Aurland.

Leiv Rygg fekk med seg eit år på Voss folkehøgskole. Han hadde sivilteneste i Norges Bygdeungdomslag, Nordland og var lærar fleire stader i Nord-Norge, mellom anna i Porsanger, Gryllefjord og Hasvik. Etter kvart fekk han seg utdanning innan organisasjon og administrasjon, personaladministrasjon og kommunal økonomi og leiing. Det meste av dette tok han på Høgskolen i Nordland, men han har og eksamen frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Finnmark.

Etter året som journalist i Setesdølen gjekk turen nordover att, til jobb som personalkonsulent i Gamvik, deretter var han innom aetat som rettleiar før han i 1996 vart personalkonsulent i Aurland kommune. Etter knapt tre år der bar det i 1999 nordover att, til personalarbeid og sakshandsaming i Dønna kommune. I 2005 fekk han eit engasjement for å utvikle politisk styringssystem og delegasjonsreglement i Herøy kommune i Nordland, og då det var gjort, vart han i 2006 leiar av forvaltningstenesta i Nesna kommune.

Leiv Rygg er gift med Anne Kari og frå første ekteskapet sitt har han ei dotter, Else, som bur i Bodø. Han toppa SP-lista i Bygland 2011, og ettersom det etter valet var Bygland kommune sin tur til å ha styreleiar i Setesdal Regionråd, er han ofte i media også i samband med dette vervet. I 2017 bytta han namn til Leiv Rygg Langerak.

Kjelder[rediger]

  • Notat på Facebooksida til Leiv Rygg


Forgjenger:
 Knut A. Austad 
Ordførar i Bygland
(2011–?)
Etterfølger: