Bygland frivilligsentral

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frivilligsentralen held til i den gamle Prestegarden.

Bygland frivilligsentral er ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk og lag og foreninger i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpe. Frivilligsentralen held til i den gamle PrestegardenPrestneset i Bygland. Kontaktperson og leiar fram til årsskiftet 2016/2017 var Lisbeth Fossdal. Ho slutta då i stillinga, og blei pensjonist. Anne Fauske (60 % stilling) og Margit Smedsland (20 % stilling) overtok då vervet som leiar på deling.

Aktivitetar[rediger]

Tirsdag er det norskopplæring for asylsøkjarar, og bingo om kvelden annankvar veke. Onsdag er det datakafe. Torsdag er det kafe klokka 12. På Byglandsfjord er det bokkkafe kvar tirsdag.

Frivilligsentralen har fått til faste dagar med zumba, på Bygland og Byglandsfjord. Formiddagstreff på Byglandsheimen annankvar veke. Frivilligsentralen har fem frivillige sjåførar som køyrer ut middag to dagar i veka til eldre i kommunen. Frivillige følger folk i drosje til sjukehus, røntgen, tannlege, frisør o.l. Frivilligsentralen er med i lyttevenprosjektet, der eldre er med i 3. klasse og høyrer elevane lese høgt.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]