Kvina

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kvina med Kvibru.
Foto: Sirdølen si nettavis/Oddvar Tjomlid 2002

Kvina er ei elv som renn frå Roskreppfjorden i Setesdal Vesthei til Fedafjorden i Kvinesdal. Lengda er om lag 152 km. I øvste delen, i området rundt Håhelleren og Øyarvatn, danner elva kommunegrensa mellom Sirdal og Valle. Sør for dette området, ved Kvivatnet og sørover gjennom Kvifjorden, følger elva kommunegrensa mellom Bygland og Sirdal. Frå Badstogflona på grensa mellom Sirdal og Kvinesdal til ho møter havet ved Øye i Kvinesdal, renn elva gjennom Kvinesdal kommune.

Kvina sør for Netland i Fjotland i Kvinesdal 29. april 2017.

Kvina er sterkt regulert av Sira-Kvina Kraftselskap, med kraftverka Roskrepp, Kvinen og Solhom. Vatn frå ca. 809 km² (56 %) av nedslagsfeltet blir overført til Sira i Sirdal. Elva hadde ei gjennomsnittleg vassføring på 81 m³/s før regulering. I dag har elva ei gjennomsnittleg vassføring på 32 m³/s.

Kvina er lakseførande til Rafoss, ei strekning på ca. 13 km.

Ved Kvinen i grenseområdet mellom Sirdal og Bygland går Kvibru, ei stor steinbru, over elva. Brua vart bygd med tanke på ein Riksveg 10 som aldri er blitt realisert.




Kjelder[rediger]