Bryggja

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bryggja er eit stadnamn i Valle som minner om den tida då folk rodde etter Otra. Dei brukte pråmar (flat båt) eller eikjor (båt med rundvoren botn). Elvi frå Flårenden og opp til Kvestad lagar ein liten innsjø. På båe sidor var det uframkomeleg til lands. Når dei kom til Sandnes, kunne dei ro i land der. Her låg Eikjehuset. Vidare rodde dei oppover til Mo, ytst i Kvestadjordet. Her var Naustret, og herifrå kunne ein reisa landevegen. Bryggja står enno, på dei andre stadene er alle spor etter naust borte, men stadnemningane vil framleis vere ei påminning om dei.[1]

Referansar[rediger]