Osefita

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Osefita til venstre i biletet og Reiårsfossen bak. Til høgre ligg busetnaden på Ose.
Når vasstanden i Åraksfjorden er låg, kjem svære sandbankar i Otra til syne.
Foto: Geir Daasvatn

Osefita er ei svær sandslette ved vestbreidda av Otra under ReiårsfossenOse i Bygland. Det er sagt at sletta blei forma av lausmassar som kom nedover elva etter Storofsen i 1793, den verste flommen som skal ha vore i Setesdal nokon gong.[1]

Opphaveleg var Osefita om lag 1500 dekar stor, ca. 1,5 km lang og 1 km brei. Ho strekte seg frå Støylehommen i sør i retning nord-nordaust mot Skorsfjell på andre sida av elva, med eit sund som bare var 120-130 meter breitt. Frå dette neset gjekk sletta vestover til utlaupet av Reiårsåna under Reiårsfossen. Her var det mange hundre mål slåtte- og beitemark for Ose-bøndene. Men ein stor del av sletta kom under vatn ved reguleringa av Byglandsfjorden på byringa av 1900-talet.

I dag ligg Reiårsfossen Camp på Osefita. Det var her den aller første Ose Countryfestival blei arrangert i 1983. I ein periode, 1988-1994, var det også ei flystripe her.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, bok 1, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 46, 1. spalte