Langeid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Langeid sett frå sør mot nord.

Langeid er ei grend og to gardar (gnr. 2 Øvre Langeid og gnr. 3 Nedre Langeid) lengst nord i Bygland, på vestsida av Otra. På austsida ligg Birkeland. I nord grensar Langeid til Besteland i Hylestad lengst sør i Valle kommune. I sør er Hegland nabogarden. I vest går Langeid heilt inn til grensa mot Vest-Agder. Her danner elva Kvina grensa.

Størsteparten av busetnaden ligg langs Langeidsvegen, den gamle traséen til Riksveg 9. Riksvegen går i dag lenger ned mot elva, på ein ny trasé, utanfor sjølve busetnaden.

Historie[rediger]

Ein gong i tida var Langeid éin gard. Så blei han delt i to like delar, Øvre Langeid og Nedre Langeid. Dette må ha vore i høgmellomalderen, før Svartedauden rundt 1350. Det er gjort arkeologiske funn på garden som gjer at ein kan rekne med at han er rydda i jernalderen. Eit spesielt verdfullt funn vart gjort i 2011, då Langeidsverdet vart avdekka.

Kjelder[rediger]