Byglandsheimen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Byglandsheimen og Prestelia bustadfelt
Foto: Reidar Tveito

Byglandsheimen er sjukeheimen i Bygland kommune. Han vart opna i 1959 og har i 2011 28 plassar fordelt på tre grupper:

  • langtidsavdeling
  • rehabiliteringsavdeling
  • Nystog, som er ei dementavdeling

Heimen er bemanna heile døgeret og har ei stor stove der det ofte er samlingar for lag som til dømes Bygland pensjonistforening. Her vert det og arrangert konsertar, andaktar og andre fellessamlingar. Dei som bur på heimen får tilrettelagt helsehjelp etter ei fagleg vurdering og alle får mat frå heimen sitt kjøkken. For dette betalar ein 118 kroner pr. døgn i korttidsopphald inntil 60 døgn i året.

I arbeidet for å få bygd Byglandsheimen var Olav T. Skeie og norsk-amerikanaren John G. Arneberg viktige eldsjeler. Det heng difor måleri av dei på heimen.

Kjelder og eksterne lenker[rediger]