Skomedal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skomedal sett frå Tverrfjellet
Skomedal, busetnad i 2006
Foto: Reidar Tveito
Skomedal bak i biletet med den nye vegen ovafor grenda 31. oktober 2017.

Skomedal er ei grend i Bygland kommune. Den ligg ved Riksvei 9 på vestsida av Åraksfjorden, om lag tre kilometer nord for Storstraumen. Grenda har gnr. 34 i Bygland.

Skomedal hadde på det meste 116 innbyggarar, det var i 1855. I 2012 budde det 21 personar i grenda.[1] Arealet er på 23,61 km² (5,55km² ferskvatn, og 18,06 landareal).[2]

17. oktober 2016 starta arbeidet med ny veg gjennom Skomedal. Dette prosjektet er ein del av arbeidet med to-feltsveg («gul midtstripe») til Hovden som har gått føre seg sidan 2002.[3] Under førebuingane til vegarbeidet vart veglina rydda for skog. Det kom då fram både ei gamal badstoge og eit kvernhus. Spesielt badstoga skal vere spesiell, ved at ho er intakt slik ho vart nytta til sitt opphavelege bruk.[4]

Namnet Skomedal

Namnet «Skomedal» kjem i fylgje Oluf Rygh sitt verk Norske Gaardnavne[5] av elvenamnet 'Skalma' (no kalla «Skåmeåne»). «Skalma» kjem frå «skalm» som vart bruka om noko som var kløyvd, todela eller togreina. Det er to geografiske lokalitetar som passar med dette namnet.

  1. Hovudelva vert danna ved at Rasvætåa som kjem frå sør frå Vestre Trældalen møter Skåvassåa som kjem frå nord. Saman med hovudelva som renn mot aust lagar dette ein T som kløyver landskapet horisontalt.
  2. Namnet kan og passe med bare hovudelva sidan ho har grave ut 'Skåmejuvet' og på den måten kløyver landskapet vertikalt. Uttalen av '-al-' har endra seg over tid til ein låg, bakre, rund vokal som i norrønt vart skriven 'ǫ' (o med kvist) og no vert skriven 'å'. Ein finn såleis at gardsnamnet vert skriven både 'Skomedal' og 'Skåmedal'.

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner Skomedal (då nemnd «Skamodale») er eit diplom frå 1. mai 1444,[6] men sjølve garden er mykje eldre. I diplomen stadfesta presten i Valle, Gunnar Taraldson, og lagrettemennene Jon Salveson og Eirik Torgeirsson at brørne Andres og Gunnar Aslakson selde ti månadsmatsbol i Nordre Skomedal til Aslak Hergilsson.

Hus på Norsk Folkemuseum

I samband med at det skulle byggjast ny løe med nytt fjøs og ny stall på Bjørkevollen Skomedal i 1941, vart dei gamle bygningane - fjøset, stallen og løa - flutte til Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Der står dei no i Setesdalstunet, velhaldne og typiske for den tida sin byggestil. Det sto nærast identiske bygningar på kvar gard. Dei er innhenta av tida og er borte no alle saman. Arbeidet ved demonteringa i 1941 vart dokumentert ved mange fotografi som er tilgjengelege i Digitalt Museum[7]. Dei fleste syner demonteringa av fjøset, stallen og løa, men det er og nokre personar og ting som er fotograferte.

Fornminne

Ved Kotedekkan, ca. 160 meter sør for Riksveg 9 ved Storstraumen, ligg det ei lita rundrøys. Røysa er datert til jernalderen (før år 1050).[8] Men etter at gravrøysa på Nånesodden er blitt tidfesta til yngre bronsealder, er det vel mogeleg at fleire av dei andre gravrøysene rundt Byglandsfjorden er eldre enn det ein tidlegare trudde.

Litt lenger nord enn gravrøysa, midt i den nedlagte campingplassen på staden, er det registrert eit felt med minst ni rydningsrøyser. Dateringa er uviss.

Ei tredje registrering er gjort på grunnen til Bjørkevodden. Staden er like ved fjorden, og inneheld to gravrøyser. Dateringa er jernalder.

Referanser

Kart

Laster kart...