Setesdal Hotel

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hotellet ligg idyllisk til ved breidda av Byglandsfjorden.

Setesdal Hotel ligg på Nesmoen i Bygland, mellom Byglandsfjorden og Riksveg 9, eit par kilometer nord for Bygland sentrum. Bygningane vart sette opp i 1981, og arkitekturen er godt tilpassa lokal byggeskikk. I fleire periodar har komplekset vore utleigd og brukt som asylmottak. Eigarar til 2009 var Ragnhild Engesland og Knut William Bygland. Då blei hotellet selt til Knut Olav Dalen frå Froland. Knut William Bygland skulle framleis stå for kafèdrifta. I dag har Knut William igjen overtatt eigarskapen, og eig 100 prosent av aksjane i Setesdal Hotel AS. I 2018 skal Ann Catrin Johansson leige og dribe hotellet.

Taka til hotellet er torvdekte, og svalgangar knytter romma saman. Komplekset har 22 dobbeltrom og 15 familierom med til saman 90 sengeplassar. Fleire av romma har høve til matlaging. Kaféen har sitjeplassar til 150, og selskaps- og møterom for 10 – 120 gjester. Like ved hotellet ligg ei badestrand på det kommunale friområdet Gullsand.

Kjelder[rediger]