Bygland kyrkje
Bygland kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1838 av Anders Torson Syrtveit etter teikning av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Kyrkja har 250 plassar og galleri og vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Kyrkja ligg på austsida av Riksveg 9 i Bygland.
Altertavla
Altertavla har motiva «Jesus i Emmaus» og «Himmelfarten» av Lars Osa. Trearbeidet til altertavla og preikestolen er laga av Lars Olsen Stedjan frå Bjelland. Alterduken er sydd av Torhild Nese i 1976 og krusifikset er laga av Salve B. Kjetså i 1925.
Orgelet
Orgelet i Bygland kyrkje er eit tysk Hollenbach-orgel frå 1890. Det hadde stått i Tolga kyrkje før det kom til Bygland i 1925. I 1984 vart det utvida med fire stemmer.
Kyrkjeklokke
Kyrkja har ei gammal klokke, men fekk ei ny i 1938 laga av O. Olsen & Søn med inskripsjonen:
- Ring for heile folkehopen
- Ring og kim i nord og sud
- Til me skodar himlen open
- Til me fær ein smil av Gud
Aktivitet
Nedslagsfeltet til Bygland kyrkje er om lag 500 menneske. I 1992 var det 24 gudstenester med eit gjennomsnitt på 87. Dei gongene det var nattverd, var gjennomsnittleg deltaking 25 personar, det var 4 døypte, 7 konfirmantar, 1 vigsel og 8 jordfestingar det året.
Sjå også
Kjelde
- Alf Henry Rasmussen: Våre kirker 1993 ISBN 82-7527-022-7 side 467
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune | ||
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje | ||
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus | ||
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus |