Bygland folkebibliotek
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland folkebibliotek har hovudbiblioteket sitt i Sørbygget på Byglandstunet i Bygland sentrum, og i1985/-86 flytta filialen frå den gamle doktorboligen til den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord. Biblioteket på Bygland gjer og teneste som skulebibliotek for oppvekstsentra på Bygland og Byglandsfjord. Biblioteksjef er Mari Rygg.
Ved sidan av utlån av (lyd)bøker, DVDar og musikk gjev biblioteket nybyrjarhjelp i databruk, og deltok i 2011 på datakafeén for godt vaksne på frivilligsentralen to onsdagar i månaden. Biblioteket skaffar bøker på fjernlån frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølve.
Opningstider
- Bygland
- Måndag 11.30 – 15.00
- Tysdag 16.00 – 19.00
- Torsdag 14.00 – 17.00
- Byglandsfjord
- Måndag 16.30 – 19.00
- Tysdag 10.00 – 14.15
Statistikk
Årstall | Antall | Utlån | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bøker | Lydbøker | Musikk | Film | Born | Vaksne | Totalt | |
2007 | 5457 | 4647 | 10104 | ||||
2008 | 5657 | 5064 | 10721 | ||||
2009 | 5005 | 5330 | 10335 | ||||
2010 | 7465 | 562 | 36 | 1422 | 4770 | 4715 | 9485 |