Bygland skule

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bygland skule med den nye idrettshallen heilt til høgre.

Bygland skule ligg i Bygland sentrum, nær Bygland kommunehus og Bygland kyrkje. Skulen er ein 1-10 skule med 120 elevar og 21 tilsette. Skulen har om lag 70 elevar i barneskulen og 50 i ungdomsskulen. I tillegg organiserer skulen språkopplæring av vaksne asylsøkjarar. I SFO går det 8 born.

Bygland skule er frå 1. januar 2008 ein del av Bygland oppvekstsenter. Skulen blei påbygd og ombygd i 2005-2006 og har tidsmessige og fine lokale. Symjebassenget er i bruk frå haustferien til påske. Uteområdet har akebakke og isbane om vinteren og sykkelløype, ballbinge, ballbanar, klatrevegg mm resten av året. Skulen ligg lagleg til for å bruke naturområdet i Bygland og har difor uteskule på timeplanen for 1.-3. klasse.

Tilsette[rediger]

Rektor på skulen er Gunnar Olav Attestog. Med seg i administrasjonen har han Irene Moe, som er inspektør og Berit Haugetveit, som er rådgjevar og sosiallærar.

Øvrige lærerar var i 2013: Ann-Cecilie Andersen Attestog, Arne Haugetveit, Asveig Attestog, Bjørg Maren Lauvdal, Gunnar Gakkestad, Gunnar Vollen, Gunni Alise Raila Eikeland, Guro Kvaale Skibsrud, Henny Nordbø, Marianne R. Kjetså, May Lisbet Johansen,Olav Anfinn Arneberg, Siv Eline Jacob, Svanhild Frøysnes, Torhild Austad, Trine Langemyr og Åslaug Haugå.

Kjelde[rediger]