Evje stadion (artikkel)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evje stadion er ein artikkel Geir Daasvatn skreiv i Arnstein 2012.

Innleiing[rediger]

Stjernebyen bustadfelt med Evje kommunale idrettsplass bak. Bakerst dyreskueplassen som vart flytta til Evjemoen i 2012.
Foto: Utlånt Alf Georg Kjetså

I 1935-1936 fekk Evje sin første idrettsbane. Det var Evje kommunale idrettsplass, eller «grusbanen» som me har kalla plassen dei siste årtidene. Banen var ein grusbane for fotball, med ein løpebane for friidrett rundt. Mange vintrar blei banen islagt for skeising. Då Otra idrettslag starta med handball fungerte grusbanen også som handballbane dei første åra. Anfinn Lislevand har skrive eit mykje fint stykke om Evje kommunale idrettsplass i Evje og Hornnes Sogelag sitt årsskrift Arnstein 2008.

Grusbanen var i mange år ein god stad å drive idrett for ungdomen i bygda. Men etter kvart kom banen i stadig dårlegare stand, og på byrjinga av 1960-talet var han blitt nærast ubrukeleg. Jostein Berget, ein mykje sentral mann i idrettsmiljøet i bygda på 1960-talet, gjekk så langt som å kalle banen «en skam for kommunen» i ein rapport frå 1966. I årsmeldinga til fotballgruppa i Otra for 1971 blei han kalt «fråstøytande» av formannen i gruppa på den tid, no avdøydde Kjell Kristian Rike. Ei tid tidleg på 1960-talet var banen endåtil stengt for fotball- og handballkampar.

Det var fotballbanane inne i militærleiren på Evjemoen som «berga» fotballen i Otra i denne tida. Leiinga i leiren var alltid positive til å stø opp om idrettsarbeidet i bygda, og lot Otra få låne anlegga der inne til fotballkampar. Først var det grusbanen i Nordre leir og seinare den nye og flotte grasbanen som vart opna i 1968. Det nye idrettsanlegget på Evjemoen hadde også friidrettsbane, og Otra fekk avtale om å kunne bruke dette anlegget til friidrett og skeising i tillegg til fotballen. Det blei dessutan spelt ein del handball inne i leiren på 1960-talet.

Tanken om nytt idrettsanlegg på Evje veks fram[rediger]

Jostein Berget var ein sentral mann i arbeidet på 1960- og 1970-talet med å få bygd nytt idrettsanlegg i Evje. Jostein var offiser i Forsvaret og kom til Evje og Evjemoen med familien i 1956. Han var den første sekretæren i Otra då laget vart stifta i 1960, og seinare formann i laget i til saman 6 år. Han var også mykje aktiv i fleire av undergruppene, spesielt som ei drivkraft i handballen dei første åra. Han var sterkt engasjert i lokalpolitikken, og vart seinare ordførar i Evje og Hornnes kommune. Jostein var æresmedlem i Otra IL. Han gjekk bort i 2001.

Otra Idrettslag vart stifta i 1960, og var ei samanslåing av Evje idrettslag og Hornnes idrettslag. Behovet for eit nytt, meir moderne og teneleg idrettsanlegg kjendest fort sterkt i det nye idrettslaget. Spørsmålet om å få ein ny idrettsplass i Evje vart første gong reist av Otra i 1963. Tanken var då å leggje anlegget på nabotomta til den kommunale idrettsplassen, altså på dyreskueplassen. Dette vart avvist av kommunen. Kommunen oppnemde i staden ei kommunal nemd – «Idrettsplasskomitéen» – som skulle freista å finne ei alternativ tomt. I nemda sat Jostein Berget og Torbjørn Hansen frå Evje og Hornnes kommunale ungdoms- og idrettsnemd (KUI) og tre representantar frå kommunen. Komitéen la fram ei innstilling i 1965, men saka stogga etter det noko opp. Nemda la i 1969 fram ei ny innstilling, og samla seg no om ei tomt på Verksmoen, ”Odden”. I nemda på denne tida sat igjen Jostein Berget, Johs K. Hansen, Tore Hansen, Arnfinn Risdal og Bjarne Haugjord.

Nemda var framsynt og medlemene hadde store vyer. Dei såg føre seg at her kunne ein plassera eit idrettsstadion med internasjonale mål, treningsbane, handballbanar, tennisbanar, svømmebasseng (utandørs), løpebanar i terrenget, samfunnshus/garderobar og parkeringsplassar, alt på eit samanhengande areal. Men dette alternativet stranda på at Raffineringsverket AS, som hadde eigedomsretten til området, sette svært strenge økonomiske krav. Krav som kommunen ikkje fant å kunne imøtekome. Samstundes med at forhandlingane om «Odden» pågjekk, fekk KUI også utarbeidd ei «idéskisse» over området under Trollbakken. Dette var etter initiativ frå ordføraren.

Området ved Trollbakken blir vald til nytt idrettsanlegg[rediger]

I 1967 hadde idrettslaget sjølv vald ei nemd som gjekk inn for å byggje eit nytt idrettsanlegg aust for den gamle idrettsplassen, altså bortover mot Trollbakken. Området var på den tid dekt av ein furuskog av god kvalitet. Grunnen var eigd av Forsvaret. På årsmøtet i idrettslaget hausten 1967 vedtok laget ein etter måten sterk uttale, der ein djupt beklaga at kommunestyret heller ikkje i budsjettet for 1968 hadde sett av midler til nytt idrettsanlegg eller til erverving av grunn til eit slikt anlegg. KUI og nemda til idrettslaget arbeidde begge vidare med spørsmålet om ny idrettsplass. I kommunen sitt budsjett for 1969 var det for første gong satt av midlar, 20.000 kroner, til nytt idrettsanlegg i bygda.

I 1970 skulle ei britisk militæravdeling, 29th Field Squadron Engineers, kome på vitjing til Evjemoen. Dette var ingeniørsoldatar, dei same som i 1969 hadde bygd den nye vegen ut til Evjemoen, og dei tilbaud seg å grovplanere ein ny idrettsplass. Med dét tilbodet kan ein seie at arbeidet med å få til ein ny idrettsplass endeleg losna. Saka var oppe til handsaming i kommunestyret 17. april 1970. Kommunen fekk ein avtale med Forsvaret om å disponere den påtenkte tomta på 80 mål ved Trollbakken til idrettsformål. Kommunen skulle ha bruksrett til området, men arealet skulle framleis vere Forsvaret sin eigedom. Noko det har vore fram til dags dato. No, hausten 2012, har Forsvaret gitt kommunen tilbod om å kjøpe heile arealet der Evje stadion og Trollbakken ligg – om lag 100 daa – for ein høveleg sum. I møte i kommunestyret 21. mai 1970 blei det sett av midlar til arbeidet som måtte gjerast etter at dei britiske ingeniørsoldatane hadde grovplanert banen.

Det nye idrettsanlegget blir bygd[rediger]

Furuskogen blei hoggen, og fotballbanen blei planert ut av dei engelske soldatane. Tidleg i 1972 blei han sådd til av lokale folk. Hausten 1972 blei han brukt til trening og kampar for aller første gong.

Otra sitt A-lag i fotball under den offisielle opninga av Evje stadion 15. september 1974. Otra spelte mot Birkenes, og vann kampen 3-1. I framre rekke frå venstre sit Rolf Haukom, Arvid Pedersen, Frode Gundersen, Knut Lid, Tom Haugland og Jan Erik Aadal. Bak frå venstre står Terje Mo, Lars Kile, Inge Haukom, Jan Erik Olsen, Svein Olaf Aadal, Svein Åvitsland og Torleif Olsen.
Foto: Utlånt av familien Aadal

Etter dette var det løpebanen sin tur. Det var ein 400 m løpebane med internasjonale mål. 250 kubikkmeter rødstubb blei lagt på han. Rødstubben kom med båt til Kristiansand, og mange av lastebilsjåførane i bygda var med og frakta han til Evje på dugnad. Vel framme på Evje blei han fint planert utover med vegskrape. I Otraposten nr. 1/1975 vart løpebanen framheva som i god stand. Kasteringar for kule og diskos og vanngrav for hinderløp kom ikkje på plass i byrjinga. Seinare kom kuleringen, medan diskosringen og vanngrava aldri vart fullførte. Til slutt kom klubbhuset, eller «Idrettsbygget» («Garderobebygget») som det seinare vart heitande. Bygninga var teikna av Bjarne Haugjord. Formann i byggjekomitéen var Jostein Berget. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i byggjekomitéen, var Kristian Kvitne. Kristian var som Jostein befal på Evjemoen, og ein svært viktig og trufast støttespelar i Otra på mange område frå 1960-talet og fram til han gjekk bort i 2001. Han vart som Jostein seinare ordførar i Evje og Hornnes kommune og var æresmedlem i Otra IL. Reisinga av bygget tok til i 1973, og det stod ferdig hausten 1974. Bygget inneheldt kontor som Otra skulle få disponera, garderobar, dusjar og toalett. I kjellaren var det lagerlokale som idrettslaget også skulle få bruke. Kvar gruppe skulle få sitt eige skåp å låse utstyr inn i.

Frå den offisielle opninga av det nye idrettsanlegget i Evje 15. september 1974. Det er Tore Hansen (til venstre), dåverande formann i Otra IL, som gjev blomar og gode ord for arbeidet til formannen i byggjekomitéen Jostein Berget.
Foto: Avisa Sørlandet

Idrettsbygget, og det nye idrettsanlegget – Evje stadion som det skulle heite – vart høgtideleg opna søndag 15. september 1974. «Eit strålande haustver danna ei vakker ramme om opninga. Hornmusikken spela og fleire hundre menneske var samla», skriv Olav Arne Kleveland i Otra IL si jubileumsbok.

Eigaren Evje og Hornnes kommune, og ikkje minst den største brukaren Otra IL, hadde nå endeleg fått eit svært tidsmessig og godt idrettsanlegg sentralt i Evje.

Lysløype[rediger]

Idrettsbygget på Evje stadion i 2012. Med unnatak for mindre ominnreiingar innvendig og nokre strøk måling utvendig er bygget mykje det same som i 1974. I Otraposten nr. 1/1976 skreiv dåverande leiar i Otra IL Kristian Kvitne: «Som nevnt tidligere har den idrettslige aktivitet og bredde tatt seg opp og en del av «æren» for dette tror jeg Garderobebygget skal få. Det er halve treningen i å få dusje og få på seg tørt tøy. Så jeg vil påstå at dette er noe av det beste våre skattepenger er gått til og midlene som her er brukt vil forrente seg mange ganger i form av bedre helse og ikke minst frisk ungdom.» I dag, mest 40 år seinare, vil truleg alle bygdefolk kunne seie seg einige med Kristian. Det vart verkeleg ei god investering.

I 1975 stod det mange meinte var landets flottaste og kanskje lengste lysløype klar til bruk i terrenget mellom Evje og Evjemoen. Lysløypa er 8,75 kilometer lang. Ho er ei heilårsløype, til bruk både sommar og vinter. Ein kan vel ikkje seie at lysløypa er ein del av stadionanlegget på Evje. Men ho startar og endar her, og fører til mykje ekstra aktivitet i området.

1970-talet: Problem med grasmatta – og vedlikehaldet[rediger]

Diverre synte det seg raskt at ein ikkje hadde vore heldige med tilsåinga av grasmatta på fotballbanen. Som nemt foran vart banen teken i bruk til dei første spark på ballen hausten 1972. Men alt i årsmeldinga til fotballgruppa for 1973 skreiv leiaren, Kjell Fauske, at det var å håpe at matta på den nye arenaen kunne bli teken opp att, slik at ho kunne få god standard. Ho vart pløgd opp igjen på seinhausten 1975, og sådd til på nytt våren 1976. Heller ikkje denne gongen fekk ein skikk på banen. Hausten 1977 blei han difor sådd til endå ein gong. Først i 1978 kunne ein ta banen i bruk for alvor. I mellomtida vart mange av fotballkampane til Otra spelt på den gamle grusbanen på Evje, som óg var blitt sådd til med gras, eller på grasbanen på Evjemoen.

Heller ikkje den nye løpebanen for friidrett var så god som han burde vere. Alt i 1976, bare to år etter opninga, skreiv friidrettsgruppa i Otra IL i årsmeldinga si at banetilhøva hadde vore så elendige at dei ikkje hadde våga å ta på seg noko større banearrangement det året. I juni 1978 gjennomførte anleggsutvalet i Aust-Agder Idrettskrets synfaring av Evje stadion. I rapporten etter vitjinga peika utvalget på at anlegget hadde preg av dårleg vedlikehald, og at løpebanen alt var delvis tilvokst med gras og ugras. For sanninga si skuld skal det takast med at brukarane av Evje stadion ikkje alltid handsama anlegget slik dei burde i desse første åra. Til dømes brukte Otra sine fotballag og andre lag den nysådde banen i 1978 alt for mykje, slik at slitasjen vart stor og han kom i dårleg stand. Fotballspelarane, der underteikna utan tvil var ein av syndarane, var heller ikkje flinke til å stelle godt med garderobane i Idrettsbygget. Det var fleire møte og brevveksling mellom idrettslaget og kommunen for å prøve å få retta på problema. Hausten 1978 blei det tilsett gartnar i kommunen, og han skulle ha idrettsanlegga som hovudarbeidsfeltet sitt. Etter det blei tilhøva på Evje stadion mykje betre.

Handel og Kontor, vinnar av cupfinalen i bedriftsfotballen i 1988. Dette var eitt av dei mange bedriftslaga som hadde mykje glede av grasbanen på Evje stadion i ei årrekke. Bak frå venstre ser me Kjell Tveit, Lars Kile, Svein Mykland, Egil Bjorå, Bjørn Einar Svee, William Berntzen og Sven Haraldstad. Framme frå venstre sit Jan Erik Aadal, Klemmet Torgersen, Rolf Haukom, Helge Lislevand og ein som er ukjend for underteikna.

Det var fotballaga i Otra som var største brukaren av Evje stadion på 1970-talet. Då grasbanen endeleg kom i skikkeleg stand mot slutten av 70-åra, blei han óg nytta ein del til bedriftskampar. Bedriftsfotballen var særs populær i Evje på denne tida og heilt fram til byrjinga av 1990-talet.

Den mest minneverdige kampen på banen på 1970-talet var kanskje på seinhausten 1979, då Otra vann 2-1 mot Tvedestrand i kamp om krinsmeisterskapen i 6. divisjon. Friidrettsgruppa arrangerte ein del treningsstemne og treningar på løpebanen etter at han var ferdig.

Det har blitt skipa til utallige klubbrenn, krinsrenn, krinsmeisterskap og Trollrenn i langrenn med start og mål ved Idrettsbygget på Evje stadion. Biletet her er frå den snørike vinteren 2009/2010.

Idrettsbygget blei brukt av fotballgruppa, som nytta seg mykje av garderobane når det var trening eller kamp. Det same gjaldt for skigruppa og friidrettsgruppa. Til dømes arrangerte skigruppa det no så tradisjonsrike Trollrennet med startpunkt frå Idrettsbygget og Evje stadion i alle åra på andre halvdel av 1970-talet. Også fleire krinsrenn, klubbrenn og klubbmeisterskap blei arrangerte her. Når friidrettsgruppa arrangerte terrengløp på Evje var det óg Idrettsbygget og Evje stadion som var frammøtestaden.

I kjellaren på Idrettsbygget var det som nemt lager for fleire av undergruppene i idrettslaget, som fotballgruppa, friidrettsgruppa, handballgruppa og skeisegruppa. Skigruppa hadde óg lager og eit kontorrom i kjellaren. Orienteringsgruppa lagra alt sitt utstyr på Idrettsbygget.

Fra 1975 og nokre år frametter vart styremøta i Otra, og i fleire av undergruppene, mykje lagt til det nye Idrettsbygget. Det første møtet hovudstyret hadde her var i følge styreprotokollen til Otra 5. februar 1975.

Evje stadion på 1980- og 1990-talet[rediger]

Det kom eit nytt flott idrettsanlegg i bygda i 1978, då Hornnes stadion stod ferdig. Men fotballbanen på Evje stadion fortsatte å være hovudarena for fotballaga til Otra gjennom heile 1980- og 1990-talet. Det blei dessutan spelt mange bedriftskampar på banen. Då A-laget til Otra hadde si stordomstid i 4. divisjon i åra 1981-1983 (det tilsvarar 3. divisjon i dag), blei kampane spelt på Evje. Det var ofte stor stemning på kampane, som gjerne samla mellom 200 og 400 tilskodarar. Den tidlegare så utskjelte grasmatta var no i ypparleg stand, og Otra fekk mykje skryt for ho av laga som kom på vitjing. Men me veit óg at grasmatta i periodar, til dømes tidleg på 1990-talet, blei brukt alt for mykje i all slags vær og difor vart svært slitt.

Me har ikkje funne tak i noko skikkeleg flott oversiktsbilete av Evje stadion slik anlegget opprinneleg såg ut til denne artikkelen. Men her ser me A-laget til Otra framføre stadionanlegget på vårparten 1990. I bakgrunnen kan lesaren tydeleg sjå friidrettsbanen som omkransa grasmatta fram til hausten 2001. Spelarane på biletet er frå venstre Tore Tveit, Scott Kjetså, Kjell Bjarne Røiland, Ricky Smeland, Ted Haugen, Knut Brkeland, Geir Daasvatn, Stein Kielland Nilsen, Tor Daasvatn, Svein Olav Ween, Svein Arne Olsen og Hans Hansen.

Friidrettsanlegget på Evje stadion – som i hovudsak var løpebanen – var óg mykje brukt dei første åra fram mot byrjinga av 1990-talet. Mykje av treninga i friidrettsgruppa gjekk føre seg her, og det vart arrangert treningsstemne, klubbmeisterskap, krinsmeisterskap og nasjonale stemne. Om me vel oss eit tilfeldig år, til dømes 1978, var det terminfesta tre treningsstemne og klubbmeisterskap i spyd – ball – kule – lengde – tresteg og kule her. Frå 1988 arrangerte friidrettsgruppa Otra halvmaraton, og det løpet hadde start og mål ved Evje stadion. Men utover på 1990-talet minka aktiviteten i friidrettsgruppa, og løpebanen byrja å forfalle då vedlikehaldet ikkje var det beste. I 2001/2002 blei friidrettsbanen med rødstubbdekket pløgd opp og sådd til med gras. Hornnes stadion har etter det vore hovudanlegget for friidrett i bygda. Men eitt av dei årevisse løpa i terrengkarusellen har i alle år sidan midten av 1970-talet og fram til i dag blitt avvikla i området rundt Evje stadion.

Odd Harald Robstad har arrangert terrengløp på Evje stadion sidan 1970-talet og heilt fram til i dag. Me veit ikkje om det er han som har stelt i stand absolutt alle løpa. Men ein eineståande innsats for idrettsungdomen og bygdefolket er det under alle omstende han har gjort. Og som me alle veit er dette bare ein liten flik av alt det friviljuge arbeidet og dugnadsinnsatsen Odd Harald har gjort i bygda. Odd Harald fekk Kongens Fortenstmedalje i 2010 for denne innsatsen.
Foto: Geir Daasvatn

Så skal me ikkje gløyme at skigruppa på 1980- og 1990-talet framleis hadde mange arrangement der Evje stadion var startpunktet for løp innover i lysløypa. Dei åra det var gode snøforhold blei det skipa til både klubbrenn og krinsrenn her. Trollrennet blei stadig arrangert frå Evje stadion såframt det var snø nok. Som oftast var Kristian Kvitne, «Stortrollet sjølv», rennleiar. Den skiinteresserte kan lese mykje meir om Trollrennet i Otra IL si jubileumsbok.

Eit lite kapittel for seg i soga om Evje stadion er den såkalla «seks-klubben», som i fleire årtider har hatt sin eigen garderobe på Idrettsbygget som utgangspunkt for løpeturar og –trening kvar mandag, onsdag og fredag klokka 1800. År ut og år inn. Av alle som har brukt Idrettsbygget og Evje stadion opp gjennom åra må vel medlemene i denne klubben være dei mest trufaste brukarane?

Kommunalt vedlikehald fram til 2001[rediger]

Evje stadion er eit kommunalt anlegg. Heilt frå starten var det teknisk etat i Evje og Hornnes kommune som hadde ansvaret for å stelle og vedlikehalde anlegget. Me har alt sett at det var store problem med å få grasmatta i skikkeleg stand i fleire år etter at ho vart teken i bruk i 1972. Men då kommunen tilsette ein eigen gartnar i 1978 betra tilhøva seg altså mykje. Kommunen hadde ansvar for vedlikehaldet heilt fram til og med 1997. I 1998 var det ei prøveordning, der fotballgruppa sjølv skulle stelle banen mot ei viss godtgjering. Arbeidet skulle gjerast på dugnad, men fungerte diverre ikkje så bra. Dei neste par åra tok kommunen seg difor igjen sjølv av vedlikehaldet.

Otra overtek vedlikehaldet[rediger]

Hausten 1999 blei Finn Bjørn Rørvik vald til ny formann i Otra IL. Det var starten på ei svært framgangsrik tid for idrettslaget. Finn Bjørn var mykje opptatt av å finne kortsiktige og langsiktige strategiar for å styrke drifta av laget. Eitt grep han hadde stor tru på, var at Otra skulle ta på seg vedlikehaldet av idrettsanlegga i kommunen. Dette ville tilføre laget midlar, noko som igjen skulle leggja det økonomiske grunnlaget for å tilsette ein dagleg leiar. I 2001 underteikna idrettslaget difor ein femårs-avtale med kommunen om drift og vedlikehald av Evje stadion og Hornnes stadion. Avtalen gjaldt både løpebanane og grasmattene.

Den første avtalen hadde ei brutto ramme på 695.000 kroner eller 139.000 kroner kvart år. Seinare blei avtalen mellom kommunen og idrettslaget om vedlikehald av idrettsanlegga fornya både i 2006 og 2011. Gjeldande avtale er for åra 2012-2016. Idrettslaget mottek no 180.000 kroner i året for å utføre arbeidet.

Dei første åra Otra hadde vedlikehaldsansvaret blei jobben utført på dugnad. Finn Bjørn Rørvik sjølv var ein sentral dugnadsarbeidar. Mange fotballfolk gjorde også ein god dugnadsinnsats. Fleire år sette fotballstyret opp dugnadslister med spelarar frå dei vaksne laga. Seinare har den daglege leiaren i idrettslaget, frå 2006 Tony Halsall, mykje stått for arbeidet saman med gode dugnadskrefter. På Evje har idrettslaget frå 2011 vidareført ansvaret for klypping, vanning, gjødsling og søppelplukking, og stell av den nye kunstgrasbanen, til fotballgruppa. Fotballgruppa mottek for dette arbeidet ei mindre godtgjering, men kan i tillegg selje reklameplakatar rundt den nye banen. Dette er ein avtale som både hovudlaget og fotballgruppa seier seg godt nøgde med.

Evje stadion vert rehabilitert og bygd om[rediger]

Finn Bjørn Rørvik tok også initiativet til ei stor rehabilitering av heile Evje stadion. Rundt tusenårsskiftet var Evje stadion komen noko i forfall. De gjaldt både løpebanen og fotballbanen. Finn Bjørn hadde store tankar om å gjere stadionområdet til eit sentrumsnært og naturskjønt park- og aktivitetsområde, til forskjøning og glede for alle i bygda. Som nemt tidlegare i stykket hadde interessa for friidrett minka utover på 1990-talet. Otra med Finn Bjørn i spissen tok då initiativ til å få fjerna rødstubben, og ein planerte og sådde til heile området med gras i 2001/2002. Det var eit ønske om å konsentrere vedlikehaldsarbeidet om eitt friidrettsanlegg (Hornnes-banen). Men ein mykje sentral mann i friidrettsmiljøet i bygda i alle år, Odd Harald Robstad, har sagt at han tykte dagen då friidrettsbanen blei pløgd opp var ein heller trist dag.

Ved ombygginga i 2001/2002 blei heile stadionområdet sådd til med gras. Her er banen kanskje på sitt aller vakreste sommeren 2010.
Foto: Geir Daasvatn

Det var ei prosjektgruppe med Dag Gullesen i spissen som var ansvarleg for sjølve gjennomføringa. Det vart også gjort noko utfylling i området. På denne måten blei arealet for fotball kraftig utvida, frå rundt 7 daa til 15 daa, og fotballgruppa fekk ein meir teneleg arena for sine aktivitetar. Her trente alle dei aldersbestemte laga, og dei spelte som oftast kampane sine her. A-laget derimot flytta no til Hornnes, og spelte heile 2000-talet heimekampane sine på den flotte grasmatta på Hornnes stadion. Områda rundt stadion vart innegjerda med kampestein, og rundt Idrettsbygget kom det flotte gjerde og vakre blomsterbed.

Opprustinga av Evje stadion var alt i alt kostnadsrekna til 900.000 kroner. Av dette utgjorde dugnadsinnsats 600.000 kroner. Mykje av dugnadsinnsatsen, kanskje verdt rundt 500.000, blei utført av Forsvaret. Forsvaret var på denne tida på veg bort frå kommunen, og idrettslaget freista å utnytte dei militære ressursane så langt ein kunne før Forsvaret drog seg ut. Her skal ein og ta med at kompanisjefen i Arbeidskompaniet, Even Sandland, også var med i arbeidsutvalet i hovudstyret i Otra på denne tida. Dette gjorde sjølvsagt til at samarbeidet med Forsvaret vart ekstra tillitsfullt og enkelt. Kommunen ytte 50.000 kroner til prosjektet, og Otra IL 40.000. Attende fekk kommunen/Otra tilført nær på 300.000 kroner i spelemidlar. Prosjektet er eit glimrande døme på korleis dugnadsinnsats i idrettslaget og privat initiativ har tilført bygda store netto verdiar opp gjennom årtidene.

Fleirbruksflate og sandvolleyballbanar[rediger]

Fleirbruksflata av sand ved Evje stadion. Det er tre sandvolleyballbanar i anlegget. Biletet er frå Agder Beach Tour si volleyballturnering sommaren 2012.
Foto: Geir Daasvatn

I 2009 bygde Otra ei fleirbruksflate med tre sandvolleyballbanar rett sør for Idrettsbygget. Det kan også enkelt lagast banar for beach handball og fotball i anlegget. Initiativtakar var igjen Finn Bjørn Rørvik. Anlegget vart bygd på dugnad av folk i idrettslaget, nok ein gong under leiing av Dag Gullesen. Anlegget har blitt mykje populært blant ungdomen i bygda, då dei her kan spele som dei vil utan å vere tilknytta noko fast treningsopplegg eller vaksne trenarar. Skulane på Evje er også store brukarar av anlegget.

Krona på verket – den nye kunstgrasbanen[rediger]

I 2008 var artikkelforfattaren komen tilbake som leiar i fotballgruppa. Etter ei tid med mykje fundering på korleis me burde møte framtida, stod det klart for oss i fotballstyret at fotballen burde gå i spissen for å få bygd ein kunstgrasbane på Evje. Dette vart diskutert mykje i styret, og i november 2008 gjekk eit einstemmig årsmøtet i fotballgruppa inn for at fotballgruppa skulle prøve å få bygd ein slik bane snarast råd. Me såg då føre oss at dette måtte skje i eit nært samarbeid med Evje og Hornnes kommune, som er eigaren av Evje stadion. Bare litt seinare – i desember 2008 – fekk dei to unge Kristeleg Folkeparti-medlemene Pål André Ropstad og Jon Gunnar Kjetså mest heile kommunestyret med på eit vedtak, etter benkeforslag, der kommunen skulle setje seg som mål å byggje kunstgrasbane i Evje innan 2012. Fotballgruppa og kommunen, som etter dette hadde same mål, slo seg då saman i eit samarbeid om å få bygd banen. Ein komité med Geir Daasvatn, Tore Tveit, Torgny Byklum og Tim Davis frå fotballen, og Odd Helge Liestøl og Torgeir Hodne frå kommunen, jobba fram planane for banen. I mars 2011 vart det bestemt i kommunestyret at kommunen sjølv ville stå som byggherre, noko fotballgruppa var umåteleg takksame for, og Evje og Hornnes Sparebank blei med på spleiselaget som ein stor økonomisk bidragsytar. Den totale kostnaden med å byggje banen blei om lag 7 millionar kroner. Banken gav eit tilskot på 1 million kroner til bygginga. Otra bidrog med 500.000 kroner. Spelemidler vil utgjere ca 2.4 millionar. Momsutgifter på noko over 1 million vil bli refundert. Resten av byggjekostnaden, noko over 2 millionar, har kommunen dekka.

Banksjef Kjell Omland i Evje og Hornnes Sparebank (til venstre) og ordførar Bjørn Ropstad i Evje og Hornnes kommune gler seg over å kunne ta den nye kunstgrasbanen på Evje i bruk. Biletet er frå den offisielle opninga av banen 29. oktober 2011.
Foto: Geir Daasvatn

Tidleg på sommaren 2011 starta anleggsarbeida på Evje stadion. Arbeidet blei utført av Repstad Anlegg AS. I september same år var kunstgrasbanen ferdig bygd. Den høgtidelege opninga fant stad 29. oktober 2011. Det var ordførar Bjørn Alfred Ropstad og banksjef Kjell Omland i Evje og Hornnes Sparebank som fekk æra av å ta det aller første offisielle sparket på banen.

Orienteringsgruppa har opp gjennom åra hatt mange treningsløp og andre løp med start og mål attmed Idrettsbygget på Evje stadion. Her er det ein av O-kongane i bygda, Tony Halsall, som er godt nøgd med prestasjonen sin etter eit løp hausten 2010.
Foto: Geir Daasvatn

Banen ligg nærast Idrettsbygget, «på tvers» av den gamle grasmatta, medan resterande del av arealet på Evje stadion framleis er ein god grasbane.

Med den nye banen på plass, har fotballgruppa flytta all aktiviteten sin attende til Evje og Evje stadion. Evje ungdomsskule brukar Evje stadion og områda rundt mykje i gymnastikkundervisninga. Den nye fleirbruksflata av sand har synt seg svært teneleg til dette føremålet. Skigruppa arrangerer somme tider klubbrenn i langrenn med start og målgang her, og orienteringsgruppa gjennomfører kvart år fleire treningsløp herfrå. I tillegg kjem ein stor strøym gjennom området av bygdefolk som brukar lysløypa eller hoppanlegget i Trollbakken til trim, trening og friluftsliv. Aktiviteten på og rundt Evje stadion no er difor høgare enn på mange, mange år. Det er ei svært gledeleg utvikling, i ei tid då det vert stadig viktigare for samfunnsutviklinga og folkehelsa å få flest mogeleg til å vere fysisk aktive.

Kiosken kjem på plass att![rediger]

Steinar Holte, Sigbjørn Tjessem og pappa Steinar Tjessem er nøgne med den nye kiosken!
Foto: Geir Daasvatn

Ein liten detalj i det svære idrettsanlegget er kiosken i Idrettsbygget. Kiosken var ein del i bruk i nokre år etter at bygget stod ferdig i 1974. Mellom anna var det populært utsalg av brus, pølser og is her under dei mange fine og godt besøkte fotballkampane på byrjinga av 1980-talet. Men seinare kom kiosken ut av bruk, og vart lagringsplass for all slags skrot. I 2012 har dei to ivrige dugnadssjelane Steinar Holte og Steinar Tjessem (biletet under) pussa opp og oppgradert kiosken. Dette er med på å gje stadionområdet endå eit løft.

Framtidsplanar[rediger]

Otra er eit særs aktivt idrettslag som heilt frå starten i 1960 har prøvd å sjå framover for å utvikla seg vidare og skape størst mogeleg fysisk aktivitet i bygda. Evje og Hornnes kommune sitt engasjement for å leggja til rette for og støtte opp om idretten i bygda synest óg å vere stort for tida. Det er difor ikkje nokon grunn til å tru at utviklinga av Evje stadion stoppar opp no. Neste store prosjekt må truleg bli ei oppussing av Idrettsbygget, som diverre har komen noko i forfall. Samstundes vert det nok aktuelt med ei utviding av bygget, slik at det kan gje fotballgruppa, orienteringsgruppa og andre brukarar av bygget høvelege klubblokale. Når dét prosjektet er vel gjennomført, kanskje som eit spleiselag mellom kommunen og Otra, nærmar truleg tida seg for å byrja planlegging av ein ny kunstgrasbane. Slik klimaet har blitt dei seinare åra, med mykje regn og uvær, er det blitt mest umogeleg å halde ein grasbane i god stand utover hausten. Kunstgras på det resterande grasarealet på Evje stadion tvingar seg difor truleg fram. Dette er under alle omstende eit prosjekt som ligg fleire eller mange år fram i tid. Men – det er viktig å drøyme!

Avslutning[rediger]

Trollbakken 18. november 2018. Draumen gjekk i oppfylling.

Det kan vere ulike meiningar om kor viktig og kor riktig det er å satse offentlege kroner på idrett og idrettsanlegg. Då grusbanen på Evje vart bygd midt på 1930-talet, var det fleire i kommunestyret som meinte den spreke idrettsungdomen fekk byggje banen sjølve. Men gode og moderne idrettsanlegg er, uansett kva ein måtte meine om idrett, ein viktig føresetnad for å få flest mogeleg born, ungdomar og vaksne til å vere fysisk aktive i det moderne samfunnet. Å leggje til rette for fysisk aktivitet blant innbyggjarane er i alle høve viktig. Med Evje stadion har me som bur i Evje og Hornnes hatt eit teneleg idrettsanlegg i 40 år. Det kan ikkje vere tvil om at mange bygdefolk, born og vaksne, har hatt stor nytte og glede av anlegget både når det gjeld fysisk form, sosialt samvær og trivsel i kvardagen. Sjølv er eg heilt viss på at dei kommunale investeringane og pengane som er brukte til å drifte banen i desse 40 åra har vore svært godt anvendte pengar. Ein må her óg hugse at kommunen er tilført store verdiar, verdiar som langt overstig dei reine pengane som er lagt ned i anlegget. For fleire av gruppene i Otra, og då særleg fotballgruppa, har Evje stadion hatt heilt avgjerande innverknad på utviklinga. No er ein ny kunstgrasbane på plass. Eit flott og innbydande volleyballanlegg for dei som likar meir uorganisert aktivitet ligg og lokkar. Lysløypa på Evje, med «inngangsport» frå Evje stadion, er fiksa opp og har blitt utruleg fin. Kanskje kjem det nye anlegg i framtida. Til dømes har hopp-/skigruppa i Otra planar om utbygging av Trollbakken med fem nye hoppbakkar frå K-17,5 til K-45. Teikninga nedanfor syner korleis ein ser for seg bakkane. Lukkast hoppentusiastane med å finansiera utbygginga, vil ho venteleg starte for fullt i 2013. Me kan trygt rekne med at Evje stadion vert ein viktig «dynamo» og ein viktig stad for idrett og fysisk aktivitet – for røyrsle og begeistring – i minst 40 nye år.