Kongens Fortenstmedalje
Kongens Fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908 og vert delt ut i gull eller sølv til «lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste». Søknad om tildeling skal stilast til H.M. Kongen og sendast gjennom Fylkesmannen. Søknad om tildeling bør sendast i nær tilknyting til avslutninga på den verksemda som skal lønnast.
Utforming
Medaljen har portrettet av den regjerande kongen med namn og valspråk på framsida, mens han på baksida har ein krans med omskrifta «Kongens fortjenstmedalje». Innanfor kransen er namnet på mottakaren inngravert.
Medaljen skal berast på venstre side av brystet i band i fargane til riksbanneret, raudt med ei gul stripe i midten. Medaljen vert mottakarane sin eigedom og skal ikkje leverast attende.
Mottakarar i Setesdal
Bykle
- 1983 Trygdesjef Torleiv Gjerden
Valle
- 20. oktober 2013: Ingebjørg Vegestog Homme
- 1. juli 1997: Husmor Ingebjørg Å. Kjelleberg
- 1995: Kvedar Torbjørg Aamlid Paus (gull)
- 1995: Kjøpmann Sverre Lund
- 1989: Sigurd Helle
- 27. oktober 1986: Rektor Eivind Hovet
- 1973: Lærar Knut O. Rike
- 1967: Lærar Torjus Åkre
- 1. juli 1915: Lensmann Ole Lund
Bygland

- 19. oktober 2013 Annemor Sundbø
- 28. februar 2009 Birgit Skjevrak Skeie
- 27. november 2008 Bonde Knut P. Sandnes
- 01. juli 2000 Emissær Olaf Skjeggedal
- 1993 Stortingsmann og ordførar Osmund Faremo
- 1964 Lærar Jon Løyland
- 1960 Torgeir T. Haugen (gull)
- 1959 Bonde og ordførar Jørund G. Kvaale
- 1951 Forfattar Mikkjel Skjevrak
- 1947 Småbrukar og kyrkjetenar Olav Olavson Langeid
Evje og Hornnes
- 17. mai 2011 Rektor Alf Georg Kjetså
- 17. mai 2011 Entreprenør Kåre Tjessem
- 21. august 2010 Lærar og dugnadsmann Odd Harald Robstad
- 21. august 2010 Bonde, hagebrukar og dugnadsmann Sigbjørn Kjetså
- 15. april 2008 Ada Sofie Austegard (gull)
- 25. mars 2008 Adjunkt Sigmund Monen (gull)
- 17. juli 2007 Bedriftsleiar Roald Skibsrud
- 30. november 2006 Kaptein Knut Aadal
- 1. november 2005 Lærar Ruth Oksefjell
- 28. mai 2005 Lektor Olav Arne Kleveland
- 13. desember 2004 Lærar Sigrun Smeland
- 8. mai 2003 Hagebrukar Arnar Kjetså
- 1. juli 2002 Lærar Valborg Hauan
- 1976 Einar Katterås
- 18. februar 1975 Jordmor Elen Kjetsaa
- 1971 Lensmann Gerhard Haukom
- 1970 Småbrukar og lokalpolitikar Notto Dåsnes
- Vaktmeistar Tore Fidjestøl
- 1961 (?) Postmann og småbrukar Åsulv J. Dåsvatn
- 28. desember 1959 Bonde og ordførar Olav A. Fennefoss (gull)
- Sjukesøster Mari Jortveit
- Styrarinne på telefonsentralen Marie Godtfredsen
- 1951 Kasserar og lokalpolitikar Tellef G. Stien
- 1945 Ordførar og handelsmann Torgeir G. Abusdal
- 1945 Lærar og ordførar Olaf Kallhovd
- 1945 Lensmann Henrik Moseid jr.
- 1940 Kontorfullmektig Olav Vaadne
- 1925 Bonde, forlikskommisær og kommunekasserer Notto Rosseland d.e.
- Lensmann og ordførar Ola N. Galteland
- Gardbrukar John N. Hornnes
Mottakarar i andre kommunar
Åseral
Iveland
- 2015 Ordførar, bonde og kulturarbeidar Karstein Lie
- 9. oktober 2013 Likningssjef Salve Øina
- 8. mai 2003 Formann Jens Skisland
- 1. juli 2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa
- 1. juli 2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa
- 1990 Lensmann Olav Andreas Vatnestrøm
- 1989 Ragna Odderstøl
- 1960 Amatørgeolog Olaf Landsverk
- 1914 Feltspathandler og mineralsamler Olaus Thortveit
Marnardal
- Lærar og historikar Paul Sveinall (gull)
Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.