Odd Helge Liestøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Odd Helge LiestølSymbol unrelated.svg
0dd Helge Liestøl 2010.JPG
Odd Helge Liestøl i 2010.
Født: 19. desember 1961 (57 år)

Odd Helge Liestøl (fødd 19. desember 1961) er sørvis -og reiselivssjef i Åseral kommune. Som leiar for tenestetorget i Åseral er han og redaktør av det kommunale meldingsbladet Åsdølen. Han har bakgrunn som bonde og var også tilsett i Forsvaret tidlegare. Odd Helge budde i mange år på Hannåsfeltet i Evje og Hornnes kommune, men er no busett i Grenjå bustadfelt nær Evje sentrum.

Odd Helge har vore med i Evje og Hornnes kommunestyre og i formannskapet i kommunen som representant for Tverrpolitisk bygdeliste i Evje og Hornnes kommune, som han tok initiativet til i 2007, og som då fekk fire kommunestyrerepresentantar. Ved kommunevalet 2011 var det bare han som kom inn frå denne lista.

I fritida har han hatt eit stort engasjement for moisund.com, nettavisa for Indre Agder (dalstroka innanfor). Men den nettsida er no lagt ned. Han dreiv også saman med Øystein Moi og Setesdalstrykk magasinet Moisund Avis. Odd Helge Liestøl var dagleg leiar av dette. Men avisa har gått inn.

Han har også vore sterkt engasjert innan Otra IL. Mellom anna var han leiar av skøytegruppa i 1980-1981, og han var sjølv ein god skøyteløpar i si tid. Han spelte fotball i mange år i fotballgruppa, frå han var lilleputtspelar til han kom med på seniorlaget, og har seinare hatt styreverv og trenarverv i denne gruppa.

Gunleiv frå Moi i Morus-revyen i 2011.

Odd Helge var svært aktiv innan Morus-revyen, mellom anna med den populære gjennomgangsfiguren Gunleiv frå Moi.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]