Anfinn Lislevand

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Anfinn LislevandSymbol unrelated.svg
Født: 24. juni 1943 (80 år)

Anfinn Lislevand (fødd 24. juni 1943 i Evje) er pensjonert lærar og bur i Tingbergheia bustadfelt i Evje.

Lislevand tok Kristiansand lærarskule i 1968 og vart adjunkt. Han var tilsett ved Stangeland skule i Sandnes i 1968-1970 og Flekkerøy skule i Kristiansand 1970-1979. Han kom til Evje og byrja som lærar ved Evje barneskule hausten 1979. Her vart han verande i mange år, før han dei siste åra av lærarkarriera arbeidde ved Hornnes barneskule.

På fritida er Anfinn Lislevand svært interessert i lokalhistorie. Han er (2014) med i skriftstyret i Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Han har og sjølv skrive mange artiklar i Arnstein, dei fleste om utviklinga i Evje sentrum opp gjennom årtidene.

Kjelde