Torbjørn Hansen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torbjørn Hansen
Født: 23. mai 1936
Død: 15. april 1992 (55 år)

Anders Torbjørn Hansen, Hornnes, fødd 23. mai 1936 og død 15. april 1992, var lærar og skribent i Fædrelandsvennen. Han var gift med Anne Mari Hansen. Familien budde i Dåsnesmoen, på andre sida av Dåsnesvegen forbi Hornnesheimen. Her held kona Anne Mari fortsatt til.

Torbjørn Hansen var ferdig utdanna lærar frå Kristiansand lærarskule i 1960. Han vart adjunkt i 1967 (norsk og historie). Han arbeidde ved Eiken framhaldsskule 1958-1959 og Holum framhaldsskule 1960-1962. I 1962-1963 var han lærar i Voilestø og Moi skulekrinsar i Evje og Hornnes. Hausten 1963 vart han tilsett ved Evje ungdomsskule, kor han blei verande til han brått døydde i 1992, berre 55 år gamal.

Hansen var på fritida meldar i Fædrelandsvennen. Frå mai 1965 til mars 1976 skreiv han ei rekkje avisartiklar frå Evje og Hornnes kommune i avisa. Han var og hobbyfotograf. Det er ei samling etter han med 700 negativ, tilknytta arbeidet hans for Fædrelandsvennen. Både avisartiklane og bileta er verdfullt lokalhistorisk stoff som er samla og teken vare på for ettertida av familien.

Kjelder[rediger]