Hornnes stadion

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
"Nye" Hornnes stadion 23. august 2017.
Flyfoto over Hornnes stadion 2007.
Hornnes stadion under ombygging til fast dekke (polytan) sommaren 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Hornnes stadion ligg på Hornnes, på grunn eigd av Aust-Agder fylkeskommune, rett attmed Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes og nær ved Otrahallen.

Hornnes stadion var først ein grusbane til bruk for elevane ved Hornnes landsgymnas. Grusbanen blei bygd rett etter 2. verdskrigen. I 1976 starta ei gruppe dugnadsfolk i bygda arbeidet med å bygge ein meir moderne stadion. Sigbjørn Kjetså, Odd Harald Robstad, Arne Daasvatn og Jan Hodne med fleire var blant dei mest sentrale. I løpet av eit par år blei den gamle grusbanen erstatta av ein nydeleg grasbane. Rundt banen blei det bygd eit friidrettsanlegg med seks løpebanar og internasjonale mål. Dekket på friidrettsbanen var rødstubb. Då anlegget stod ferdig, var det lagt ned 3000 dugnadstimar av einskildpersonar og 1000 maskindugnadstimar. Maskinane, traktorar og lastebilar, var gratis stil til disposisjon av brørne Sigbjørn Kjetså og Arnar Kjetså.

Det nye anlegget vart offisielt opna 18. august 1979.

I desember 2013 vedtok Evje og Hornnes kommunestyre å bygge om friidrettsanlegget til fast dekke (polytan). Dette arbeidet vil skje i nært samarbeid med den største brukaren, Otra IL, og grunneigar Aust-Agder fylkeskommune. Evje og Hornnes Sparebank, Otra IL sin hovudsponsor, har gjeve tilsagn om å stø byggjinga med 500.000 kroner. Ombygginga starta opp 15. juni 2015.

Kjelder

Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, s. 120-121.

Eksterne lenker