Kjell Omland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kjell Omland
Født: 16. juni 1949
Død: 25. august 2019 (70 år)

Kjell Aslak Omland (fødd 16. juni 1949, død 25. august 2019) begynte som banksjef i Evje og Hornnes Sparebank i 1978. Då hadde han ti år i Spareskillingsbanken i Kristiansand bak seg. I 1981 fekk han tittelen administrerande direktør. Han slutta etter avtale i banken 1. oktober 2014 for å bli pensjonist. Han hadde gått på Kvås ungdomsskule og Drottningborg handelsskole før han begynte å arbeide i Spareskillingsbanken og i tida i banken tok han Bankakademiet parallelt med jobben.

I fritida har Omland mellom anna vore sterkt engasjert i religiøst arbeid. Han var leiar i Evje Misjonssamband (NLM) 1982-1990, 1998-2001 og igjen frå 16. februar 2015. Han var den store pådrivaren bak oppstartinga av Radio Evje, som kom i stand etter initiativ frå NLM, og vart også den første ansvarlege redaktøren.

Kjell Omland etterlet seg kona Torhild Omland, døtrene Monica, Anne Grete og Solfrid, svigersøner, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 30. august 2019 klokka 13. I staden for blomar ønskte Kjell ei gåve til Gautestad kurs- og misjonssenter.

Kjelder[rediger]